Hopp til innhold

Låge straumprisar rammar kraftbransjen hardt

Medan du og eg som straumkundar gler oss over låge straumprisar, så slit kraftbransjen tungt.

Kraftlinje

2012 var eit elendig år for kraftbransjen. Låge straumprisar gjer at kraftselskapa slit

Foto: Linda Pedersen / NRK

Kraftselskapa slit på grunn av låge straumprisar og mange av dei taper pengar.

Både Istad, Neas,Tussa og Tafjord har svake resultat for fjoråret og frå dei fleste selskapa er det null eller minimalt utbytte til eigarane.

Ein analyse frå finansaktøren Pareto viser at 2012 var eit elendig år for kraftbransjen.

– Snudd dramatisk for kraftbransjen

Ivar Kosberg

Konsernsjef Ivar Kosberg trur botnen er nådd etter eit tungt år for kraftbransjen.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Konsernsjef i Istad AS i Molde, Ivar Kosberg, seier dei i år har hatt det lågaste resultatet på ti år.

Han kan berre skrive under på analysen til Pareto. Låge prisar for oss forbrukarar betyr lita inntening for bransjen.

– Kraftprisane har gått mykje ned sidan 2012, så det er klart at det har snudd seg ganske dramatisk for kraftbransjen, seier Kosberg.

Samanslåing av selskap

I tillegg til at mange av selskapa drog med seg store utgifter på grunn av skadane etter juleorkanen «Dagmar», tapte dei på låg rente på investeringane i nettverksemda.

Fleire selskap må kutte kostnadar, effektivisere og utsette kostbare og mindre lønsame satsingar.

– Tussa og Tafjord jobbar med samanslåing av nettselskapa sine, kan det bli fleire fusjonar innan kraftbransjen?

– Det er vanskeleg å svare på, det kan kanskje gjere det. Det er nok mindre selskap som vurderer å sjå på ein slik type løysing.

Tener ikkje pengar

Video Rydder kraftlinjene for trær

Orkanen «Dagmar» førte med seg mange øydeleggjingar, også for kraftselskapa.

Foto: Nyhetsspiller

Istad som i gode år gjerne har hatt 50 millionar kroner i pluss, tapte i fjor nesten 30 millionar kroner. Dermed vart det ingenting av utbyttet til Istad som gjekk til eigarane, som blant andre Molde kommune som sårt hadde treng litt for å styrke budsjettet sitt.

Dei låge straumprisane rammer kraftbransjen hardt.

– Vi har fått den same nedsvingen som dei andre selskapa i bransjen. Effekten er at vi ikkje heller ikkje har hatt moglegheit til å dele ut utbytte for 2012, fortel konsernsjef Kosberg.

Han fortel at generelt sett er det slik at dei som driv med kraft no, dei tener ikkje pengar i det heile.

– Eg trur det er mange selskap innanfor kraftbransjen som ikkje har delt ut noko utbyte knytt til årsrekneskapen i 2012.

Investeringar på vent

Nye investeringar blir sett på vent også for Istad AS.

– Det er klart at kraftprisen er med på å påverke framtidge investeringar. Enkelte tiltak innanfor kraftproduskjon vil kanskje verte utsett i påvente av at at prisbiletet kan endre seg.

Konsernsjefen i Istad AS trur botnen no kan vere nådd.

– Dei fleste kraftselskapa er gjerne integrerte selskap som både har kraftproduksjon og nettverksemd i seg, og nettverksemda kjem til å verte lyfta opp igjen i 2013, det veit vi.

Om kraftbransjen slit, kan i alle fall forbrukarane gle seg over at straumen er billeg for tida, og Kosberg trur prisen kjem til å halde seg låg framover.

– Ja, det ser slik ut i 2013 så langt, og i åra framover ligg prisbiletet på mellom 25 og 30 øre. Går ein eit år tilbake ser ein at prisen låg på mellom 30 og 40 øre.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL