Hopp til innhold

Herd-spelarar angripe av russisk lag på Norway Cup

Fleire av spelarane på Herd vart kraftig sparka og slått etter at motstandarane, det russiske laget Cosmos gjekk berserk på fotballbana.

Herd

Politiet møtte opp på fotballbana like etterpå for å snakke med Herdspelarane, men då hadde russarane allereie forsvunne.

Foto: Trond Lervik

Herd sitt G14 sjuarlag fekk ei ubehageleg oppleving då dei i ettermiddag møtte det russiske laget, Cosmos i 16. delsfinala av Norway Cup.

– Vi vart åtvara på førehand om at dette var eit fysisk lag, men vi har aldri vore i nærleiken av liknande, seier den sjokkerte Herd-trenaren, Trond Lervik.

Det var Sunnmørsposten som først omtalte den spesielle fotballkampen, der eit russisk lag gjekk til åtak på spelarane frå Herd.

Fekk raudt kort

Trond Lervik

Trond Lervik er sjokkert over oppførselen til dei russiske spelarane. Her saman med ein politimann.

Foto: Herd

Herd låg i teten gjennom kampen. Dei hadde scora eitt par mål og hadde god kontroll på ballen. Det fallt ikkje i god jord hos det russiske laget.

– Dei russiske spelarane vart stadig meir irriterte og aggressive, og spelinga vart meir retta mot overfall enn vanleg takling. Eg var til tider redd for spelarane mine, seier Lervik.

Sjølve åtaket starta med at den russiske keeperen sparkar ned ein av Herd-spelarane etter ein corner. Keeperen fekk raudt kort og måtte forlate bana.

Keeperen ville ta hemn

Godt ut i kampen bestemmer keeperen seg for å ta hemn. Han styrta ut på bana for å sparke ned ein ny spelar.

Dommaren blåste av kampen, men når Herd-spelarane skulle forlate bana, vart fleire angripne av det russiske laget.

– Ein av spelarane klarte så vidt å puste etter eit hardt spark i magen, og ein annan vart sparka hardt i brystkassa. Vi opplevde det som svært ille, seier trenaren.

Heilt uprovosert?

– Ja, spelarane kom ruslande mot oss, men plutseleg fekk fleire av dei eit slag i magen.

Korleis har spelarane teke dette, då?

– No er dei ved godt mot. Vi har snakka om det og spelarane er godt fokuserte til ny kamp i morgon. Eg er godt nøgd med korleis spelarane har teke dette.

Politiet snakka med fleire Herd-spelarar, men det russiske laget rakk å stikke av før politiet kom.

Utestengt

Det russiske laget vart utestengt onsdag kveld frå Norway Cup.

Laget får ei bot på 2.000 kroner, skriv Norway Cup sin jury i ei pressemelding.

– Avgjerda er endeleg og kan ikkje ankast, står det i juryens vedtak.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL