Hopp til innhold

Jentelag frå Kongsberg vann gjæv pris

Kongsberg jenter 13 vann årets Fair Play-pris under Norway Cup.

Kongsberg jenter 13 vinner Fair Play-prisen under Norway Cup 2023.

Kongsberg jenter 13 vann årets Fair Play-pris under Norway Cup.

Foto: Privat

Prisen vart delt ut fredag føremiddag.

– Det er veldig gjævt for oss, og jentene er kjempestolte. Me prata faktisk litt om det på førehand - at me kanskje ikkje kom til å vinne Norway Cup, men at me kunne vinne Fair Play-prisen. Det er jo heilt utruleg, blant nesten 2.200 lag, seier lagleiar Elin Kristoffersen kort tid etter at jentene fekk prisen i handa.

Gjennom årets turnering har dommarane gitt laga poeng for ryddig og rettferdig spel som ein del av kamprapporten.

Laget med høgast poengsum og ingen gule kort vart altså Kongsberg jenter 13.

Pål Trælvik, generalsekretær for Norway Cup

Pål Trævik, generalsekretær i Norway Cup.

Foto: Bård Nafstad / NRK

– Me treng gode førebilete i fotballen. Kongsberg jenter 13 står for eit spel til etterfølging. Me gratulerer, seier Pål Trælvik, generalsekretær i Norway Cup, i ei pressemelding.

Målretta arbeid

Kristoffersen fortel at jentene har hatt fokus på fair play heilt sidan dei begynte å spele fotball.

– Me har jobba med dette sidan dei var sju år og begynte å spele fotball. I tillegg er også klubben elles ganske opptatt av fair play. Så det ligg litt bak, seier ho.

Les også Tenåringene var lei av satsing - lagde sitt eget fotballag

Tøying og latter på Ekebergsletta med Simensbråten

Trass i ryddig og rettferdig spel, måtte jentene frå Kongsberg sjå seg slått før målstreken i årets Norway Cup. Laget rauk ut i 16.-delsfinalen i B-sluttspelet torsdag føremiddag.

Elin Kristoffersen, lagleder for Kongsberg jenter 13.

Elin Kristoffersen, lagleiar for Kongsberg jenter 13.

Foto: privat

Gjæv pris

– Trur du at de kunne komme lenger i turneringa viss de hadde vore litt meir aggressive og fått eit gult kort?

– Ja, me prata litt om det ... at jentene kanskje er litt for snille, ler Kristoffersen før ho legg til:

– I den siste kampen vart det mykje holding i trøya, og jentene vart litt irriterte, men lét likevel vere å ta att med same mynt. Og det er eg veldig stolt over.

– Prisen er eit greitt plaster på såret, også for jentene?

– Ja! Meir enn plaster på såret. Det her er meir stas enn å vinne det eventuelle B-sluttspelet me var på veg inn i. Det kan ikkje samanliknast, seier Kristoffersen.