I kveld har ni lag frå Møre og Romsdal spelt kampar i den første runden i NM i fotball. Og den største overraskinga kom kanskje på Herd si heimebane på Moa i Ålesund. Dei vann nemleg 4–2 over Kristiansund sitt førstedivisjonslag etter ei spennande straffesparkkonkurranse.
– Vi tapte mot KBK i 2013 på straffekonkurranse så vi har erfaring på det området. I dag redda keeper to og spelarane scora på dei fire vi fekk, seier den svært fornøgde Herd-trenaren Amund Robertsen Skiri.
No håpar dei å kunne fortsette cupeventyret, og kanskje blir neste NM-kamp på heimebane mot AaFK.
– Klubbleiaren seier at det beste økonomisk sett er å møte AaFK. Eg unner spelarane den opplevinga det er å møte AaFK på heimebane, men vi tek det vi får.
– Når vi slår ut KBK på ein så fin måte som vi gjer i dag, så trur eg at vi kan gi AaFK god motstand, seier Robertsen Skiri.
– Utruleg kjipt å ryke ut
Diop gav KBK leinga etter 36 minutt, men Andreas Rekdal utlikna på straffespark like før pause.
15 minutt ut i andre omgang tok KBK igjen i leinga ved Daouda Karamoko Bamba, men Herd slo tilbake etter scoring av Ingolfur Örn Kristjansson. Dermed stod det 2–2 etter 90 spelte minutt.
Ingen av laga klarte å score i ekstraomgangane og kampen måtte dermed avgjerast på straffespark. Der vann Herd 4–2 over laget frå Kristiansund.
KBK-trenar Christian Michelsen innrømmer at dei tek tapet mot Herd tungt.
– Det er utruleg kjipt å ryke ut av cupen. Vi hadde ambisjonar om å gå nokre rundar i cupen. Det var veldig gøy å vere med i fjor og har mykje å by på, men det gjekk ikkje vegen i dag, seier han.
– Vi er eit mykje betre lag enn vi viser i dag, men vi må jobbe for det. Det er ingenting som kjem gratis i fotball, held han fram.