Hopp til innhold

Fridde på TV – fekk «ja»

Svaret let lenge vente på seg, men til slutt fekk Gerd Jorun Dyrli Aure «ja» av sambuaren Palmer Kristian Sporsheim.

Gerd Jorun Dyrli Aure

EIT ÅR: Gerd Jorun Dyrli Aure fortel at ho hadde planlagt og heldt frieriet hemmeleg eit heilt år.

Foto: Yngve Hustad Reite / NRK

– No er alt forferdeleg bra, eg er nesten på gråten. Eg har planlagt frieriet lenge, og no blir det absolutt godt å minnast då sommarbåten var i Molde. Så sjølv om eg var litt nervøs, angrar eg ikkje i det heile. Vi har vore saman i 15 år, så no var det på tide.

Det var stor folkefest då MS «Sjøkurs» la til kai i Molde onsdag ettermiddag. Jazzorkesteret Beck og Skeidsvoll New Orleans spelte og Molde Borgervæbning fyrte av salutt frå Molde Skandse. Gerd Jorun Dyrli hadde heilt klart eit av dei sprekaste påfunna, då ho fridde live på TV.

Kvinne frir til Palmar i Molde

Svaret på frieriet let vente på seg, men til slutt fekk Gerd Jorun Dyrli Aure «ja» på frieriet sitt.

Foto: NRK

– «Hei Palmer, vil du gifte deg med meg», stod det på plakaten. Det tok litt tid før eg fekk svar, så eg vart litt nervøs. Men det viste seg at grunnen var at han ikkje hadde sett kva som stod på lappen. Han vart veldig glad og overraska då vi snakka saman no i stad.

Mykje merksemd

Gerd Jorun Dyrli Aure fortel at ho er ein erfaren Sommeråpent-sjåar og at ho har vore på TV også ein gong tidlegare. Det var i 2014, då ho var med på eit sjåarbilete som vart vist i sendinga.

– Eg har jo brukt å sjå på det kvart år, og no følte eg at eg verkeleg hadde moglegheita. Eg har fått enormt masse merksemd, så eg har nesten ikkje gjort anna enn å svare på meldingar og snakke i telefon sidan eg var på TV. Det er mange som har sett meg på kaia.