Hopp til innhold

Han trudde dei skulle ha matpause, men blei overraska av kjærasten

Han trudde det skulle bli ein heilt vanleg dag i slalombakken. Så ba kjæresten han ta ein pause. Den gløymer han aldri.

Frieri på Strandafjellet

Svigerfaren til Christine Rose Ullaland sto klar og filma ein snutt som ingen av dei involverte vil gløyme med det første.

Det var i utangspunktet ein heilt vanleg søndagstur for familien frå Giske. Kjæresteparet og dei tre borna reiste til Strandafjellet for å stå slalom saman med svigerfaren. Alle dei andre visste at det skulle skje noko heilt spesielt då dei tok pause.

Eg var jo ikkje eigentleg redd for at han skulle seie nei. Men då det begynte å nærme seg blei eg nervøs, sjølv om eg veit at det blir oss for alltid, ler ho.

Gjekk ned på kne i skibakken

Forlovelsesringane og kortet

Ingen tvil om kven kortet var frå eller til. Og heller ikkje om resultatet etter frieriet.

Foto: privat

For etter ei uvanleg kort økt i slalombakken, ba ho han om å ta matpause på paviljongen på Fursetfjellet. Der sto dei tre borna klare med kortet ho hadde laga, der det mellom anna var limt inn eit drops med påskrifta "Will you be mine". Dette gav ho han i det ho gjekk ned på kne. Så fekk han ringen på fingeren medan snøen dalte.

Eg vart veldig glad, det var ei fantastisk kjensle, seier han.

Han venta på henne

Kristian Strand og Catrine Rose Ullaland

Kjæresteparet forlova seg medan snøen dalte ned på Strandafjellet, der familien er trufaste gjester.

Foto: privat

Begge to fortel at dei har fått fleire spørsmål frå vener og familie om når dei skal gifte seg. Dei har vore kjærestar i vel tre år, og har til saman tre born, to jenter og ein gut. Han har alltid svart at giftarmål først blir aktuelt når ho frir. Og slik blei det.

- Det var veldig overraskande og veldig fint at ho gjorde det framfor alle ungane, slik at dei fekk vere med på det, seier Strand.

Var du i tvil om kva du skulle svare?

Nei, eg svarte ja, eit klart ja! seier han.

Oppmoar andre kvinner til å følgje etter

Heile familien samla

Heile familien gler seg til bryllaup neste år. F.v. Marie H. Strand (8), Emma H. Strand (10), Christin Rose Ullaland, Oliver Ullaland Nogva (10) og Kristian Strand.

Foto: privat

Christin Rose Ullaland har no fått nokre dagar å tenkje seg på etter frieriet på Strandafjellet, og angrar ikkje. I samband med Valentindagen oppmodar ho andre kvinner å gjere som henne.

Følg hjartet. Lytt til hjartet, det er nok det rette, seier ho.

No planlegg dei giftarmål i 2016.

Vi har fått voldsom respons, veldig kjekk respons. Alle er kjempeglade og syns det var tøft at eg gjorde det, seier Christin Rose Ullaland.