Hopp til innhold

Her kjem det akuttmottak for flyktningar

Christineborg gjestehus på Runde blir asylmottak. Kontrakten blei underskriven i dag.

Christineborg

Det er plass til inntil 105 bebuarar på Christineborg gjestehus.

Foto: Heidi Fagna / NRK

Christineborg er gjestehus og har også fungert som leirskule. Det er ordførar i Herøy, Arnulf Goksøyr, som eig Christineborg gjennom firmaet Goksøyr eiendom.

UDI har gjort avtale om å opprette to asylmottak i Herøy med til saman 180 plassar. Det skriv Sunnmørsposten. På Christineborg gjestehus på Runde er det plass til inntil 105 bebuarar. I eit hybelhus i Tjørvåg er det plass til 75 personar.

– Dette er snakk om akutt innkvartering, seier regiondirektør i UDI, Rune Vorddahl til NRK.

Det er førebels ikkje kjent kor tid dei første flyktningane kjem. Mandag 23. november blir det folkemøte i Herøy.

Der vil UDI, brannvesenet, politiet, NAV, helsevesenet , rådmannen og ordføraren vere til stades. Det er viktig for oss å møte innbyggjarane som fort som råd med mest mogleg informasjon, seier varaordførar Camilla Storøy til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL