Det kan kjennest tungt å gå opp dei bratte bakkane til Goaldet på Lepsøya når sekken er fylt av både sovepose, liggeunderlag, mat, ved, litt vatm og kanskje ei god bok. Men går du opp ein fin sommardag er det verdt det, det kan eg love deg.
Utsikta mot havet og Sunnmørsfjella er godt kjent for meg frå før fordi eg er på heimlege trakter, men det er noko heilt anna eg vil sjekke ut. For eg veit her er ei hytte like under fjellet der eg kan overnatte heilt gratis, og no vil eg teste den ut.
Bygd på dugnad
Den vesle steinhytta ser mest ut som ein stor stein som ligg under fjelltoppen. Men går man litt nærare ser man ei lita steinhytte med torvtak.
Mandor Seth som har bygd hytta i lag med sonene sine. Han er ein av dei mest ivrige på dugnad på Lepsøya, ei øy der dugnadsånda står sterkt.
Han seier han håper at hytta skal vere ein plass der folk kan kome og gå som dei vil.
– At folk kan kome å drikke kaffi og kose seg når ein er på tur, og gjerne overnatte og. Det har eg og kona mi gjort mange gonger seier han. Ingen veit sikkert kor mykje hytta blir brukt, for her kan ein kome og gå som ein vil.
– Har det skjedd at folk har kome for å overnatte og så er der allereie folk?
– Det heldt på å skje no, seier han med eit smil. For eg og kona mi hadde tenkt å gå opp for å overnatte i kveld, men så kjem du og seier at det er dine planar og.
Eg får førsterett, men tenkjer at det kan vere greitt å ha ein plan B om andre opplever det same. For eksempel reise til øya så tidleg at ein veit at det framleis går ei ferje tilbake om andre har lagt ut soveposen sin før deg.
Inspirert av dugnadsånda på Lepsøya
Også på nabo-øya Longva (Haramsøy ligg imellom) kan du snart besøkje og gjerne overnatte på ei hytte på fjellet heilt gratis. Her er ivrige pensjonistar i gang med å byggje Skulebua.
12. August skal dei opne det som skal bli ei dagstur-hytte der folk også kan overnatte om dei ønskjer det. Arnfinn Flem seier dei har blitt inspirert av den sterke dugnadsånda på Lepsøya.
– Vi har sett kor mykje trivsel som har kome av den sterke dugnadsånda på Lepsøya, og no ønsker vi også å skape enda meir trivsel på øya her og, seier han. Dei håper mange vil ta turen til fjellet Skulen for å besøkje hytta i haust.
Du kan lese meir om skulebua på www.nordoy.net/skulebua