NRK Meny
Normal

Her får Eirik eit uventa oppdrag

Åtte år gamle Eirik Stave trudde han skule spele piano saman med Kringkastingsorkesteret. Han fekk seg i staden ei stor overrasking.

Da KORK kom til bygda (1:5)

Eirik Stave frå Ørsta drøymer om å bli musikar. Han er ein av deltakarane i NRKS nye serie «Da KORK kom til bygda».

«Da KORK kom til bygda» er storsatsinga til NRK si kulturavdeling denne hausten. Kringkastingsorkesteret besøker fem små stader i landet med stort engasjement og skjulte musikktalent. Først ut i serien er Ulstein og Ørsta laurdag kveld.

På ei veke samla bygdefolket saman lokale krefter og skapte ei spektakulær førestilling. Dei tre talenta som skal vere med frå Søre Sunnmøre er Bror Magnus Tødenes som syng opera, rapparen Christoffer Masters og åtte år gamle Eirik Stave som dirigerer KORK.

Christoffer Masters, Ingrid Gjessing Linhave, Eirik Stave og Bror Magnus Tødenes

Christoffer Masters, Ingrid Gjessing Linhave, Eirik Stave og Bror Magnus Tødenes er med i seriens første episode på laurdag.

Foto: NRK

Ung dirigent

Eirik Stave frå Ørsta trudde han skulle spele piano med kringkastingsorkesteret, men fekk seg litt av ei overrasking då programleiar Ingrid Gjessing Linhave fortalde at han skulle vere dirigent i staden.

– Hjelp, var den aller første kommentaren frå barneskuleeleven. Då han møtte orkesteret endra tonen seg og han syntest det var kult å vere sjefen.

Åtteåringen er ekstremt dedikert til musikk og drøymer om å bli musikar, dirigent og komponist.

Hektisk og lærerikt

Tenor Bror Magnus Tødenes frå Eiksund vert sett på som eit operatalent av dei sjeldne. Han er spent på korleis reaksjonane vil bli når programmet går på lufta. Sjølv opplevde han innspelingsveka som hektisk og lærerikt.

– Det blir underhaldande og ikkje minst er det fint at talent frå små plassar får vist seg fram, seier Tødenes. Operasongaren er også plateaktuell saman med KORK og Håvard Gimse på piano. Den tredje deltakaren, Christoffer Masters, er 20 år og rapper og hiphoper.

Medan episoden går på tv skal deltakarane sjølve samlast i Kulturhuset i Ulstein og sjå programmet saman. Klokka 19:55 er det først halvanna time der sjåarane får fylgje deltakarane. Etter Kveldsnytt, klokka 23:15, startar konserten.

LES OGSÅ: