Hopp til innhold

Bytta ut punk med Pavarotti

Då Bror Magnus Tødenes (20) parodierte Grieg-songar, kom det fram ei stemme med uvanleg potensial for opera. – Han kan nå svært langt internasjonalt, seier songprofessor Kåre Bjørkøy.

Bror Magnus Tødenes

Bror Magnus Tødenes under konsert i Eiksund samlingshus i Ulstein på Sunnmøre.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Det siste året har fleire og fleire fått øyra opp for Bror Magnus sitt songtalent. Han har gitt ut CD, fått prestisjefylte oppdrag ved NTNU og vore solist med TrondheimSolistene – berre tre-fire år etter at han song sin første klassiske song.

Les: Høyr dei nye norske stemmene

– Synginga er det som har falle mest naturleg for meg av alt eg har gjort, seier Bror Magnus Tødenes frå Ulstein på Sunnmøre. Han bur for tida i Trondheim, der han studerer musikk ved NTNU.

Høyr: Radioreportasje om Bror Magnus Tødenes

– Ho sa at parodiane var nokolunde riktige

Piano var det første instrumentet Bror Magnus prøvde seg på i barndomsåra, seinare gjekk han over til gitar og prøvde seg også på å synge til. På denne tida var han ein stor fan av punkbandet Green Day, og spelte fleire av deira låtar.

Då han byrja på musikklinja på vidaregåande, fekk han song som biinstrument, og det var songlærar Lisbeth Lislevatn som først hadde trua på at han kunne bli klassisk songar.

– Eg var ikkje så glad for å skulle synge klassisk i byrjinga, fortel Bror Magnus Tødenes.

– Dei første Grieg-songane ho gav meg, parodierte eg stort sett. Men ho sa at parodiane mine var nokolunde riktige. Og etter kvart som eg song meir, følte eg meg meir og meir heime i klassisk musikk.

– Heilt annleis enn noko eg hadde gjort tidlegare

Då han lærte seg å bruke stemma på rett måte, auka songgleda sterkt:

– Eg merka at eg fekk ein ny resonans i hovudet og i brystkassa. Det kjendest heilt annleis enn noko eg hadde gjort tidlegare. Det kom massevis av klang og lyd utan at eg trong presse meg. Det var ein fantastisk følelse å merke at akustikken jobba for meg.

Luciano Pavarotti (1935–2007) har vore eit av dei viktigaste førebileta til Bror Magnus sidan han byrja å synge opera:

– Eg vil ikkje glorifisere meg sjølv på nokon måte, men stemmene våre har visse fellestrekk, fortel han.

– Til dømes har vi begge ein nokså skjerande og lite rund klang i stemma. Eg har høyrt veldig mykje på han, og har lært mykje om mi eiga stemme gjennom det.

Høyr Bror Magnus synge «Questa o quella» frå Giuseppe Verdis «Rigoletto» (Mona Spigseth på piano):

Høyr Pavarotti synge «Questa o quella» frå Giuseppe Verdis «Rigoletto»:

– Det er mange ting som skal klaffe

Seinare fekk Bror Magnus Tødenes reise til Trondheim for å få timar av Kåre Bjørkøy, tenor og professor ved NTNU.

– Han er ein uhyre gåverik ung songar, som det går lenge mellom kvar gong vi ser maken til, seier Kåre Bjørkøy om eleven sin i dag.

– Han har ein svært vakker stemmeklang, spesiell energi i stemma, eit stort omfang slik at han kan gå både høgt og lavt, og han har mykje dramatisk kraft i stemma si.

Bjørkøy trur Tødenes har stemmematerialet som skal til for å lukkast, men understrekar at songsuksess krev meir enn som så:

– Eg trur han kan nå veldig langt internasjonalt, men det er mange ting som skal klaffe. Skal han bli operasongar, må han kunne spele teater. Han må vere lett å samarbeide med, knytte kontaktar og vere ein likande kar. Og han må vere på rett stad til rett tid.

Høyr Bror Magnus Tødenes synge i Eiksund samlingshus:

Bror Magnus Tødenes syng Guiseppe Verdi i Eiksund samlingshus. Mona Spigseth på piano.

Bror Magnus Tødenes syng 'De' miei bollenti spiriti' frå operaen La Traviata av Guiseppe Verdi i Eiksund samlingshus. Mona Spigseth på piano.

– Han har alltid hatt ei kraftig stemme

I juni drog Tødenes og Bjørkøy ut på turné på Sunnmøre saman med pianist Mona Spigseth og sopran Elisabeth Teige. Siste stopp var den ultimate heimebana for Tødenes: Eiksund samlingshus i Ulstein kommune.

– Det er alltid spesielt å kome heim til Eiksund, og eg er mest nervøs på heimebane – dette er jo dei same folka som såg meg synge i Kaptein Sabeltann på barneskulen, sa han før konserten.

Den aller første som la merke til stemmekrafta til Bror Magnus var pappa Bertil E. Tødenes (49), sjølv mangeårig bandmusikar og i dag manager for sonen.

– Eg kan ikkje hugse at han var særskilt songglad som gut, men han har alltid hatt ei kraftig stemme, fortel han.

– Han var veldig plaga med kolikk då han var liten, så eg har hatt stemma til Bror Magnus i øyret frå han var nokre veker gammal. Mora seier at det er derifrå han har stemmeprakta, ikkje frå genane, ler han.

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP