Besøkande på kyrkjegarden ved Stangvik kyrkje i Surnadal på Nordmøre blei vitne til eit heilt unikt syn denne veka.
– Eg parkerte bilen ved kyrkjegarden og såg at det bevegde seg borte ved muren. Eg gjekk ti meter nærmare, og såg at gaupemora låg og forsynte seg av eit dødt rådyr, fortel Gøran Rønning.
Han er journalist i avisa Driva, og rykte ut med kameraet etter eit tips. Oppe på kyrkjemuren sat dei fire ungane og følgde med.
– Ungane hadde nettopp avslutta måltidet. Han som tipsa meg hadde sett at medan den eine gaupeungen låg og åt, sat resten på muren og venta. Deretter bytta dei på, slik at alle fekk ete seg mette, seier Rønning.
Det nærma seg midnatt på kyrkjegarden, og fotografen trengde lys denne mørke oktobernatta. Kameraten hans lyste derfor med ei lommelykt.
Men gaupene let seg ikkje affisere av verken lyset eller lydane frå kamera. Dei to kameratane kunne til og med kviskre saman utan at villkattane stakk, sjølv om dei berre var 20–25 meter unna.
– Gauper er vanlegvis svært sky dyr, så det å kunne sitte over lengre tid å sjå på dei var ei stor oppleving. I tillegg er det å sjå fem gauper samtidig ganske spesielt i seg sjølv. Det er nok første og siste gang eg får oppleve det i fri natur, seier han.
– Gaupa er nærare enn vi trur
Dei var kanskje veldig svoltne. Eller kanskje sa det noko om sjølvtilliten til desse dyra.
Per Jarle Heggdalsvik trur det er snakk om sjølvtillit. Han er naturfilmskapar i NRK Natur, og har i fleire år jakta etter bilete av gaupa. Han har sjølv ligge i telt og filma gaupa på 17 meters hold.
– Folk er jo så redd bjørn, men den spring jo helst unna på fleire hundre meters hold. Gaupa er nærare enn vi trur, ho held seg gjerne nær busetnad, fortel Heggdalsvik.
Naturfotografen synast likevel at det er merkverdig at gaupene ikkje let seg påverke av at mennene stod i friluft få meter unna.
– Følte seg trygge
Også Gøran Rønning har sjølv tenkt mykje på kvifor gaupeflokken ikkje flykta då han tok bilete av dei. Journalisten frå Surnadal har sett gaupe mange gonger, og har ein stor fascinasjon for villkattane.
– Eg trur mora følte seg nokså trygg, sidan ho låg og åt mellom oss og ungeflokken. Hadde vi kome frå ein anna kant, kunne nok reaksjonen vore ein anna.
Første gong på ti år
Rønning har aldri sett ein så stor flokk med gauper. For det var ikkje berre atmosfæren på gravplassen som var spesiell denne gongen. Det er nemleg sjeldan at ei gaupemor har heile fire ungar på slep så seint på året.
– Det er første gong på dei ti åra eg har registrert gauper i Møre og Romsdal at det er observert eit kull med fire ungar, seier Lars Olav Lund i Statens naturoppsyn (SNO).
Han har også ein teori på kvifor gaupefamilien ikkje rømte.
– Gauper som lev tett på folk blir fort vand til både kunstig lys og menneskestemmer. Sjølv om folk sjeldan ser dei, ser nok gaupene folk ofte, meiner naturoppsynsmannen.
Lund fortel at det ikkje er heilt uvanleg at gauper føder fire ungar, men som hos andre kattedyr er ungane sårbare dei første månadene etter fødselen. Gaupemødrene er avhengige av god tilgang til hjortevilt for å fø flokken.
Kjem dit for å beite
Gaupe-fotograf Gøran Rønning trur det er ein naturleg grunn til at familien åt kveldsmaten på ein kyrkjegard. Hit trekk rådyra gjerne på grunn av både planta og nedlagde blomar, i tillegg til at det er dyrka mark i området rundt.
– Rådyret har heilt sikkert gått og beita attmed kyrkja, før det har blitt ei jakt som enda rett ved kyrkjegardsmuren. Det var ikkje før eg kom heim at eg kom til å tenke på kor spesielle omgivnader vi verkeleg var i.
- Les også: