Hopp til innhold

Her er lærarane på mobbekurs

Fleire alvorlege mobbesaker gjer at rektorar og lærarar på Nordmøre har sett seg på skulebenken for å bli betre på å avdekke mobbing.

Lærer om mobbing

Mobbing har blitt vanskelegare å avdekke sidan mykje skjer digitalt.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Det er skulen sitt ansvar dersom eit barn føler seg mobba og skulen er pliktig til å gjere noko. Men det er ikkje så lett å avdekke mobbing og difor har rektorar og lærarar på Nordmøre starta på eit eitt-åring kurs for å lære om temaet.

Leiar ved PPT på Ytre Nordmøre, Tormod Sandvik, seier at før var ein mest oppteken av slag og spark, men mobbinga har funne nye vegar.

– Digital mobbing er det som går under radaren, fordi det kan slettast. Det er ei særskild utfordring, seier Sandvik. Eit typisk kjenneteikn er at mobbaren er anonym og dermed kan det vere vanskeleg å stoppe.

Tormod Sandvik

Leiar for PPT på Ytre Nordmøre Tormod Sandvik, seier det er fleire grunnar til at skulane må heve kompetansen.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Skulen har bevisbyrda

Fleire alvorlege mobbesaker har blitt kjent gjennom media dei siste åra og mobbing har blitt sett på dagsorden. Skulane er pålagt å lage ein plan dersom eit barn blir mobba.

– Lovverket har endra seg. Før var det slik at dersom ein skulle ha krav på erstatning for ein vanskeleg skulegang, låg bevisbyrda i større grad på den som vart mobba. No er det skulen som bevise at dei har gjort det som er mogleg, seier Sandvik. Skulen må også dokumentere at dei forstår kva mobbing er og at dei har kompetansen som trengst.

LES OGSÅ:

Erstatningssaker

PPT-leiaren seier at han kjenner til erstatningssaker mot kommunar lokalt som ikkje har greidd å stoppe mobbinga. Det å bli mobba kan få alvorlege konsekvensar for barnet.

– No har ein byrja studere kva symptom dei som har vore utsett for langvarig mobbing har hatt. Det er samanfallande med symptom frå krigsstraume, seier Sandvik.

På kurset for lærarane lærer dei også korleis dei skal handtere mobbaren. Også den eleven treng hjelp.

– Når foreldra får bekymringsmelding frå skulen om at dei mistenker at barnet mobbar andre, håper eg at foreldra tar i mot den bekymringa og ynskjer å bidra til endring, seier Sandvik.

I løpet av året skal lærarane og rektorane ha fleire samlingar i regi av Fylkesmannen og PPT.