Hopp til innhold

Her er festivaltipsa du treng

Erfaren festivalgåar eller festivaljomfru? Det er aldri for seint å plukke opp eit tips eller to. Her får du dei beste festivaltipsa.

Festival

FESTIVAL: Sommaren er høgsesong for festivalar, og mange av årets festivalar står no for dør.

Foto: Åsmund Holien Mo / Vinjerock

– Regnklede, i alle fall ei god regnjakke, seier Monica Blindheimsvik.

Blindheimsvik er klar i anbefalinga.

– Det er utruleg kjedeleg å bli klissblaut om det plutseleg byrjar å regne. Det kan også vere lurt å ta med ei regnbukse dersom vêret er ustabilt.

Sjølv har Blindheimsvik store planar om å vitje blant anna Sommerfesten på Giske denne sommaren. Ho tykkjer det kjekkaste med å vitje festivalar er å treffe vener og gamle kjende, høyre musikk og nyte stemninga.

– Og så ville eg kanskje anbefale folk å ta med eit sitteunderlag eller noko å sitte på, det kan fort bli lenge å stå, seier Blindheimsvik.

Monica

REGNKLEDE: Monica Blindheimsvik sitt beste tips er regnklede.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Lidenskapleg opptatt av festivalar

– Eg berre elskar festivalar. Det å vere i lag med andre som deler den same genuine interessa for festivalar, er det beste som finst, seier Henriette Westerlund Eriksen.

Eriksen er redaktør og dagleg leiar i festivalmagasinet, og ikkje minst sjølverklært festivalelskar.

Sommaren er høgsesong for festivalar, og mange av årets festivalar står for dør. Vi har samla nokre praktiske tips for den optimale festivalopplevinga.

Har du nokre gode tips? Del dei gjerne med oss.

Økonomi

I utgangspunktet anbefaler Eriksen folk å tenke på økonomien før dei reiser på

Henriette Eriksen

TIPS: Henriette Eriksen sitt beste festivaltips er å tenke praktisk og bruke hovudet.

Foto: Privat

festival. Det kan fort bli dyrt å reise på festival, i alle fall om ein bestemmer seg for å reise på ein av dei større festivalane.

– Det kan vere lurt å undersøke ulike reisemåtar og bualternativ for å finne det beste alternativet. Då bør ein tenke kor ein vil bu, og kva ein har budsjett til, seier Eriksen.

Skal du bu på hotell kostar det ofte meir enn dersom du bur i telt eller på campingplass.

Fly er ofte dyrare enn buss. Det kan vere mykje pengar å spare på å undersøke litt før avreise.

Pengar

Pengar er ein viktig faktor på alle festivalar. Det er ofte ikkje lov å ha med eigen mat eller drikke inn på området, og pengar kjem difor godt med. Eriksen anbefaler likevel å la kortet ligge att heime.

– Det er ikkje alle som deltek på festivalar som har dei beste intensjonane. Ta heller med kontantar. Planlegg kor mykje du trur du treng, og så legg du att resten heime. På den måten slepp du å uroe deg for at nokon snappar kortet ditt ut av veska og tøymer kontoen, seier Eriksen.

Skal du likevel ha med kortet, anbefaler Eriksen å ta dei same førehandsreglane som du ville gjort dersom du skulle reise på interail. Ha kortet nært inn til kroppen, enten i ei eiga veske eller i ei lomme.

Mange plassar kan ein også fylle pengar på eigne kort, som ein kan nytte som betalingsmiddel omkring på festivalområdet.

Hygiene

Toalett, innlagt vatn og dusj er luksusvarer på festivalar, og tilgangen til desse tinga er ofte avgrensa. Festivaltoaletta og festivallivet generelt er heller ikkje alltid like hygieniske.

– Dopapir, alltid ha med dopapir i veska. I tillegg kan det vere lurt å ha med seg våtserviettar slik at ein har moglegheit til å vaske seg, seier Eriksen.

Dorull

TOALETTPAPIR: Toalettpapir eller våtserviettar kan komme godt med. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Åse Karin Hansen / NRK

Høyrsel

Dersom du skal på ein musikkfestival kan musikken ofte vere høg. Difor kan det vere lurt å passe ekstra godt på ein av sansane, nemleg høyrselen.

– Hugs øyreproppar. Det kan vere veldig gøy å høyre favorittbandet ditt spele høg musikk akkurat der og då, men det er ikkje like kult å vere plaga med øyresus i mange veker i ettertid, seier Eriksen.

Medisinar

I tillegg kan det vere lurt å tenke eventuelle medisinske omsyn. Trenger du spesielle medisinar, allergimedisin eller liknande, kan det vere lurt å huske å ta med desse dersom det skulle bli behov for det.

Festivalsommar og insekt er også to omgrep som ikkje er framande for kvarandre.

– Myggspray er eit godt tips dersom du skal ein plass der det er mykje mygg. Mange festivalar er lokaliserte på marker og liknande. Difor kan det vere lurt å også vere obs på diverse småkryp, som for eksempel flott, seier Eriksen.

Cetirizin, Zyrtec, Olanzapin og Zyprexa

MEDISINAR: Allergisk? Husk å ta med deg dei nødvendige medisinane.

Foto: Karina Jørgensen

Kledning

Det er alltid lurt å velje kleder som passar til dagens vêr og vind. Dersom festivalen er utandørs, er det ekstra lurt å tenke på kva ein skal ha på seg, og med seg. Sjølv om vêret er fint på dagen, kan det fort bli kaldt utover kvelden.

– Tenk praktisk, uansett kva type festival du skal på. Eg har sett at mange moteblad frontar trendar som ikkje passar på festivalar. Det er ikkje ein catwalk, og lange kvite blondekjolar, vil fort bli skitne, seier ei lattermild Eriksen.

I nokre tilfelle kan det vere lurt å pakke med seg regnklede. Men regnklede kan fort ta stor plass i veska. Då kan for eksempel ein tynn regnkappe vere det perfekte tilbehøyret dersom regnet skulle slå til. Ein får lett tak i eingongskapper som tek liten plass i veska, og samtidig beskyttar bra mot regnet.

Regn på festival

REGN: Husk å kle deg for all slags vêr og vind. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Det kan også vere lurt å hugse å pakke med seg varme kle, kanskje til og med ullklede.

– Dersom ein skal bu i telt så bør ein pakke varme sokkar og ullklede i ein tett plastikkpose. Då kan ein skifte til tørre kle når ein kjem tilbake til teltet, seier Eriksen.

Og du bør heller ikkje overlate skovalet til tilfella. Eriksen meiner det berre er ein type skotøy som nyttar på festival.

– Støvlar. Det er ikkje vits med noko anna. Det er ikkje like gøy å gå på do utover kvelden, då utviklar festivaltoaletta seg til ein stor gjødselhaug. Du kan ikkje kome der med flipp floppar då. Gummistøvlar passar uansett vêr, seier Eriksen og ler.

Regn-trøbbel for Hove

STØVLAR: Det blir fort gjørmete på festivalområdet og nær toaletta. Støvlar er ofte det beste alternativet.

Foto: Scanpix

Beskytt deg mot sola

Men det er ikkje berre regn ein må passe seg for. Også sola kan by på problem.

Sol

SOL: Beskytt deg mot sola. (Illustrasjonsfoto).

Foto: Thomas Bjørnflaten / Scanpix

Mange festivalar går føre seg på sommaren, noko som betyr gode sjansar for sol. Då er det viktig å beskytte seg mot sola, og ta omsyn til korleis den påverkar kroppen.

Bland inn ein drope eller to med alkohol, lange avstandar til mat og drikke og det er lett å bli dehydrert. Prøv likevel å få i deg nok vatn. I tillegg kan ein caps eller ein hatt hjelpe til å kjøle deg ned. Men ein annan ting kan også vere lurt å hugse på.

– Smør deg inn i solkrem, då slepp du å bli brent. Skal du bu på camp, så bør du i alle fall hugse solkremen, seier Eriksen.

Teltplass

Tenk over kor du plasserer teltet ditt. Det som ser ut som den perfekte plassen for å slå opp teltet, kan fort bli den verste dersom regnet slår inn. Ikkje plisser teltet slik at du hamnar i ein vassdam dersom det byrjar å regne.

– Å plassere teltet delvis i ein bakke kan vere lurt. Så lenge det ikkje blir som på Roskilde eitt år, då regna det så mykje at bakken blei til gjørme og telta sklei sin veg, seier Eriksen.

Roskilde-festivalen

TELTPLASS: Tenk litt over kor du setter opp teltet. Det kan fort bli gjørmete på festivalområdet. (Illustrasjonsfoto).

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Pass på deg sjølv og andre

Dei fleste reiser på festivalar for å oppleve den gode stemninga og dele fellers interesser. Men det likevel alltid eit godt tips å ta vare på deg sjølv og andre.

– Pass godt på deg sjølv, venane dine, og andre du møter på vegen. På den måten får alle ei triveleg festivaloppleving, seier Eriksen.

Ho anbefale alle å visse forholdsreglar.

– Hald deg til palassa der det er mykje folk, ikkje gå aleine med folk du ikkje kjenner. Ikkje drikk eller røyk ting du får av ukjende. Sjølv om festivalar ofte følast trygge, og ofte er nettopp det, så kan vettet fort forsvinne ut når alkoholen kjem inn, seier Eriksen.

– Det er aldri noko skam i å be om hjelp. Heller ein gong for mykje enn ein gong for lite, held ho fram.

Mobilladar

Det er sjeldan stor tilgang til straum på festivalar, men stadig fleire festivalar har no etablert eigne ladestasjonar for blant anna mobillading, og det kan difor vere lurt å hugse å ta med mobilladaren på festivalen.

Eit anna godt alternativ er eksterne ladarar, for eksempel batteri, som du lett kan kople til mobilen for lading. På denne måten kan ein lett halde kontakt med vener eller andre på festivalen, eller ringe heim dersom det skulle vere behov for det.

Mobil med lader

LADER: Nokre festivalar tilbyr eigne ladestasjonar. (Illustrasjonsfoto).

Foto: Einar Yohsuke Kosaka / NRK

Orienter deg

Er det fyrste gong du er på festival, kan opplevinga fort bli litt overveldande, i alle fall dersom du tek turen til ein av dei største festivalane. Då kan det fort bli vanskeleg å orientere seg, og finne fram. Difor kan det vere lurt å gjere seg kjend med festivalområdet når ein kjemp til festivalen.

– Enten det gjeld toalett, vakter, mobillading, mat eller drikke, så er det alltid lurt å orientere seg. Då veit du kor ting er når du treng dei, seier Eriksen.

Det kan spesielt vere viktig å merke seg kor vaktene, eller for eksempel Røde Kors held til, dersom du eller nokon du kjenner skulle trenge akutt hjelp.

Avtale møteplassar

Ein ting som nesten er like sikkert som at dagen tek slutt, er at mobilnettet blir overbelasta når alle skal prøve å kommunisere med kvarandre etter store konsertar.

– Gjer avtalar med venene dine om møtepunkt etter konsertar, eller dersom dykk skulle kome vekk frå kvarandre. Dersom mobilnettet er nede, vil det vere lettare å finne kvarandre, seier Eriksen.

– Du treng ikkje å stå fremst

Det kan fort freiste å stå framme ved scenekanten, når du endeleg får sjå favorittbandet ditt opptre på scena. Eriksen har derimot eit anna tips.

– Du treng ikkje stå fremst, i alle fall ikkje dersom dette er din fyrste festival. Hald deg litt lenger tilbake slik at du får betre plass og kan nyte konserten. Det er ofte stort press framme ved scenekanten, seier Eriksen.

publik

FREMST: Stå lenger bake dersom du vil unngå presset framme med scenekanten. (Illustrasjonsfoto).

Foto: Vilde Boberg Svineng

Bruk hovudet og ha det gøy

Og så, kanskje det mest innlysande, men også viktigaste tipset, bruk hovudet. Det er kanskje fort gjort å tenke at det er sjølvsagt, men nokre gongar er det lettare sagt enn gjort.

– Alle tipsa eg har vore inne på kan eigentleg summerast opp i to ord, bruk hovudet. Og sjølvsagt, tenk praktisk. Dersom du følgjer dei tipsa, vil det meste gå av seg sjølv, seier Eriksen.

Og sist men ikkje minst:

– Ha det gøy. Dans, syng, kos deg, og nyt festivalen, det er det viktigaste. Så tar du nok med deg minner for livet heim i bagasjen, seier Eriksen.

Hovefestivalen 2009

STEMNING: Ha det gøy, nyt festivalsommaren.

Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL