Klokka 6 viste gradestokken opp mot 16 grader fleire stader på Nordvestlandet.
– Eg vil ikkje kalle det rekord, men Møre og Romsdal var i alle fall varmast i landet i helga med 15.6 grader og ligg an til å bli varmast i landet i dag også, seier Haldis Berge. Ho er meteorolog ved Vervarslinga for Vestlandet.
Måndag morgon var det 15,7 grader ved målestasjonen i Rekdal, medan det var 15 i Ålesund. Også i fjellet er det varmt. Ved det rasutsette fjellet Mannen i Rauma, som ligg på 1294 meter over havet, er det 4,9 grader, ifylgje meteorologen.
Slepp snømåking
Aleksander Håskjold er glad for å sleppe snømåking
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRKI Ålesund sentrum er det lite som minner om desember, bortsett frå alle julelysa som heng i gatene.
– Eg synest det er heilt strålande å få sleppe snøen, seier Aleksander Håskjold, som humpar rundt på krykker. Han synest 16 grader er til å leve med, men hadde ikkje blitt sur dersom det berre var 10 grader.
Heller ikkje Liv Erstad og Bjørg Rørvik klagar på vêret. Dei er på julehandel og kjenner allereie før dei er i gong, at dei har tatt på seg altfor mykje klede.
– Det kan hende at eg må kle av meg om ei stund. Eg skulle tatt på meg ei tynnare jakke, ler Bjørg Rørvik. Liv Erstad har dunjakke og trur ho kjem til å angre på klesvalet i løpet av dagen. Ho klagar heller ikkje på det sommarlege vêret, men for barnas skuld håper ho at det snart kjem snø.
– Det er mange som kikar ut gjennom vindauget og ventar på snøen, trur Erstad.
Liv Erstad og Bjørg Rørvik angrar litt på at dei har tatt på seg så mykje klede før julehandelen.
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRKTemperaturane fell
Det er ikkje like varmt i heile landet og andre har kanskje meir julestemning. Østafjells og i fjellet i sør er det temperaturar meir som normalt – frå rundt null og ned mot 10 minus.
Dei høge temperaturane i Møre og Romsdal ser derimot ut til vere eit blaff. Alt tysdag fell temperaturane til rundt 5–6 grader. Det vil likevel bli nokre få varmegradar gjennom julehelga, noko som ikkje er heilt uvanleg.