Hopp til innhold

Kald luft frå nord: Like kaldt som på Island

Sola skin, men dei høge temperaturane lar vente på seg. Kald luft frå Arktis gjer at du må vente lenger på meir vårlege temperaturar.

Norge er blitt ei "kaldbukt".

KALD LUFT: Noreg blir treft av kalde luftmassar frå Arktis. Dette gir kaldt vêr sjølv om sola skin mange stader.

Grafikk: Meteorologisk institutt

Sjølv om sola skin mange stader, står ikkje kvikksølvet veldig høgt på gradestokken.

Tysdag føremiddag er det faktisk varmare på Island enn mange stadar i Noreg. Noreg ligg i ei kaldbukt.

– Kalde luftmassar frå Arktis kjem nordfrå, og gjer at det blir kaldt sjølv om sola skin, seier meteorolog Julie Solsvik Vågane.

Samstundes blir Island og andre stadar i Europa treft av varmare luft som kjem sørfrå. Den gir også varmare vêr.

Tysdag kl. 11 blei det registrert ni grader i Reykjavík. Få stader i Noreg hadde høgare temperatur på same tid.

Ikkje uvanleg

At det er kaldt sjølv om sola skin og det nærmar seg mai, er ikkje uvanleg ifølge meteorologen.

– Det er ikkje uvanleg at april er ein månad med store kontrastar. Vi ser ofte både varme og låge temperaturar og det kan vere mykje nedbør og vind. I april kan vêret variere mykje frå dag til dag, seier Vågane.

Les også Snøen kjem tilbake: – April er ein liten luremånad

Snøfall over delar av landet igjen.

Meteorologen er usikker på kor uvanleg det er at Island er varmare enn Noreg.

– Vi har ikkje like gode tal frå Island. Men at ulike stader får ulike luftstraumar er ikkje uvanleg. Det skjer heile tida.

Kan snu i helga

Sjølv om temperaturane ikkje minner om vår akkurat no, kan dette snu i helga, fortel Vågane.

– Dei neste dagane vil det framleis kome kald luft frå Arktis og temperaturane vil halde seg relativt låge, seier Vågane.

– Mot slutten av helga og over i neste veke ser det derimot ut til at det vil snu. Då vil vi heller få varmare luft sørfrå.

Lufta sørfrå er varmare og vil kunne gi høgare temperaturar i store deler av landet. Over i mai trur meteorologen det vil minne meir om vår.

– Då kan vi håpe på vårstemning og varmare vêr, seier Julie Solsvik Vågane.