Hopp til innhold

Dei vakna opp til sommartemperatur

I Ålesund var det nesten 20 grader då folk stod opp i dag tidleg. Uvanleg for årstida, og særleg så seint i oktober, slår Vervarslinga fast.

Britt Dalsegg og Marit Grønnes

Britt Dalsegg og Marit Grønnes vart overraska over den høge temperaturen i Ålesund i dag.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Frå i går kveld og utover morgontimane i dag har delar av landet, og særleg Møre og Romsdal fått ein smak av sommar. I alle fall temperaturmessig, for ved fleire målestasjonar i og rundt Ålesund har temperaturen nådd nesten 20 grader.

Mellom klokka åtte og ni i dag tidleg var det 19,2 grader målestasjonen ved Bingsa i Ålesund. Timen før blei det målt 18,2 grader, opplyser Vervarslinga for Vestlandet.

Til samanlikning var det -13,5 i Karasjok og -9,5 grader i Dividalen.

Plagsamt varmt i natt

Marit Grønnes og Britt Dalsegg frå Surnadal er på hotellbesøk i Ålesund. Dei fekk merke den uvanlege høge temperaturen i natt.

– Det vart så varmt inne på hotellrommet då eg skulle sove, at det vart plagsamt, ler Marit Grønnes.

I kofferten har dei pakka ulltrøye og stillongs. No er dei på veg til byfjellet og er redde for at dei har på seg litt for mykje klede.

Også Jarle Støyva er godt kledd med både jakke og tjukk genser.

– Det er bra at det er vamt, men eg trur det er teikn på at det kjem ein floing, seier Støyva.

Jarle Støyva

Jarle Støyva er kledd for haustver, sjølv om det er varmt ute.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Topp fem-plassering

På Sunnmøre var det nok fleire som måtte skru ned varmen på omnane sine då dei vakna i dag tidleg. For i måleperioden frå klokka 19 i går kveld og fram til klokka sju dag tidleg hadde Møre og Romsdal alle topp-fem plassane over dei varmaste stadene i landet. I tillegg til Bingsa hadde målestasjonane ved Brusdalsvatnet, i Tafjord, Muri i Valldal og på Sjøholt i Ørskog alle over 17 grader.

Uvanleg så seint på året

– Det uvanlege er at så høg temperatur blir målt så seint i oktober, synest meteorologikonsulent Kari Bergsfjord ved Vervarslinga, og viser til statistikken sin.

Topp fem varmest og kaldest
Foto: skjermdump frå Yr

Den fortel at for ti år sidan, den 11. oktober, blei målt 22,6 grader på Vigra. Og temperaturen har snike seg over 20 grader elles i oktober også, men då helst i byrjinga av månaden.

Vervarslinga si forklaring er at Møre og Romsdal ofte får ein føneffekt, og trur det er den som har utsett hausten nokre timar, og gitt ein liten smak av sommar. Men hausten kjem nok. For allereie frå i kveld er det varsla sørvest liten storm.