Hopp til innhold

Snøen kjem tilbake: – April er ein liten luremånad

Trudde du at vinteren var over? Den er ikkje det. Søndag er snøen tilbake over Nordvestlandet og Trøndelag.

Snøfall over delar av landet igjen.

GULT VARSEL: Meteorologane melder om gult farevarsel for snø.

Foto: Meteorologisk institutt

«Kong Vinter» har sine siste krampetrekningar, før våren får sleppe til for alvor i Sør-Noreg. Og i Nord-Noreg er dei absolutt ikkje ferdige med vinteren.

– April er ein liten luremånad. Det er ofte store kontrastar. I går hadde vi over 19 grader i Lier, og så er vi tilbake til nattefrost, seier statsmeteorolog Ingvild Villa.

Gult farevarsel

Etter ein lengre periode med plussgrader, snøsmelting og meir og meir grønt underlag, tek minusgrader, snø og nattefrost ein ny sveip over landet vårt frå helga av. Den kjølige lufta vil også vare i starten av neste veke.

Ingvild Villa, statsmeteorolog hos Meteorologisk institutt

Statsmeteorolog Ingvild Villa.

Foto: Meteorologisk institutt

Søndag kan delar av Nordvestlandet og Trøndelag vakne opp til kvit bakke. Her har meteorologane sendt ut gult farevarsel om snø.

– Vinteren er ikkje heilt over. Varselet gjeld for over 200–300 meter. I det same området og nordover kan det også kome enkelte snø- og sluddbyer i låglandet, men vi trur snøen vil legge seg og skape problem litt opp i høgda, seier Villa.

– Men Troms og Finnmark er ikkje ferdige med vinteren. Her er det allereie kvitt, og det kan komme snø også i låglandet, legg ho til.

Store variasjonar

Det vil vere lokalt store variasjonar på kor mykje snø som kjem, men meteorologane varslar mellom fem og 30 centimeter. Lokalt meir i fjellet.

Natt til søndag vil det også blåse opp. Det kan gi utfordringar som følgjer med kvit nedbør på fjellovergangane: redusert sikt, moglegheiter for kolonnekøyring og stengde vegar.

Vêromslaget legg ein førebels dempar på vårstemninga for mange, for mange kan måtte vakne opp til ein ny farge på bakken. Regn og varmare luftmassar frå sørvest har skote fart i snøsmeltinga ganske høgt til fjells.

– Så også i høgda er det byrja å bli bart. Det blir eit lite vêromslag mot slutten av helga, konstaterer Villa.

Tilbake til nattefrost

Kjøligare luftmassar vil følgje inn i starten av neste veke.

– Lågtrykka går sør for oss, og vi hamnar i den kalde lufta. Samstundes blir det også tørrare. Det blir enkelte byer i starten av veka, men mindre nedbør enn vi får i løpet av helga, seier Villa.

– Kor kaldt snakkar vi?

– Det blir ikkje noko sprengkulde. For nokre handlar det om nattefrost, medan det også kan gi nokre få minusgrader på dagtid.

Med andre ord, sjølv om datoen er der, bør vinterdekka framleis vere på.