Hopp til innhold

Her er det like varmt som i Spania

I indre delar av Møre og Romsdal er temperaturane oppe i 14 grader onsdag morgon. – Vi ventar at dei skal stige utover dagen, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Svein Rune Andreassen

Svein Rune Andreassen har lagt att boblejakka heime i dag.

Foto: privat

Det er enorme temperaturforskjellar i Møre og Romsdal. I Sunndølsøra måler kyrkjeverje Stig Rune 14,9 Andreassen klokka 09.45 på veggen til kyrkjekontoret.

– Andre i bygda har målt over 15 grader. Eg tippar at vi har over 17 grader i kveld, seier Andreassen. Til samanlikning er det venta 16 grader på det varmaste i Alicante i Spania i dag.

Ikkje rekord

Geir Ottar Fagerlid

https://www.nrk.no/mr/her-er-det-like-varmt-som-i-spania-1.13340650

Foto: Meteorologisk Institutt

Andreassen er svært opptatt av ver og temperaturar. Han veit at dagens varmegrader mest truleg ikkje blir rekord for januar. I januar 1989 var det ein temperaturkamp mellom Sunndal og Tafjord. 28. januar tok først Sunndal rekorden med 17,4 grader, men vart slått seinare på dag av Tafjord. Dei offisielle målingane der viste 17, 9 grader.

Meteorolog Geir Ottar Fagerli kan ikkje love at folk kan slikke sol i dag, sjølv om det er mildt. Mange stader vart det meldt om både 13 og 14 grader tidleg onsdag morgon.

– I indre strok av Møre og Romsdal ventar vi at temperaturane skal stige. Det er i kveld temperaturane blir på sitt høgaste, seier Fagerlid. Han tipper at det kjem opp i 15-16 grader.

Det er ikkje meldt sol i dag, men det blir opplett dei fleste stader bortsett frå litt regn og yr på Sunnmøre.

Ynskjer seg snø

Stig Rune Andreassen ser utover ein nærast sommargrøn plen på kyrkjegarden. Boblejakka har han lagt att heime.

– Det kan hende det blir shorts i kveld, spøker han. Aller helst ynskjer han seg snø, slik at han kan gå på ski, men ut frå vervarslet må han vente ei stund på det. Langtidsprognosene viser at det blir tørt og mildt.