Hopp til innhold

Her byrjar vassbombinga i Todalen

Rundt klokka 12.10 fredag slapp helikopteret den aller fyrste vassbomba på skredområdet i Todalen. Dermed er ryddearbeidet i gang.

I dag (fredag) fall dei fyrste vassbombene i Todalen, som skal bidra til å rydde skredområdet.

Sjå helikopteret vassbombe skredområdet i Todalen.

Eigentleg skulle vassbombinga byrje torsdag, men Nils Erling Skålvik i Statens vegvesen stadfestar til NRK at Airlift-helikopteret måtte prioritere eit oppdrag i Nordsjøen.

Uansett – kl. 12.10 fredag ettermiddag kunne vegvesenet setje i gang operasjonen, som skal sørge for rydding av skredområdet i Todalen.

Tidlegare i veka fortalde avdelingsdirektør Knut Nauste i vegvesenet om fordelane ved å nytte vassbomber med 3.000 liter vatn per ladning til å rydde vegen.

– Vi ser at dette er langt meir effektivt enn å berre sende fjellsikringsteamet inn for å sikre raset manuelt, fortel avdelingsdirektør Knut Nauste vegvesen.

Det var sist onsdag at eit 50 meter breitt stein- og jordras gjekk i Todalen. 350 menneske blei isolerte, og berre båt hindrar full isolasjon frå omverda.

– Lause steinblokker

Knut Nauste

Avdelingsdirektør Knut Nauste i Statens vegvesen seier vassbombing er ein svært effektiv metode.

Foto: Fjord1

Nauste opplyser at vassbombinga er same metode som blei brukt på Oppdølsstranda i Sunndal i 2008.

Hensikta med vassbomber er å skylje vekk stein og masse som kan utgjere ein risiko for dei som skal byggje opp att vegen i etterkant. Fjellsikringsteam går inn etter vassbombinga.

– Då for å fjerne eller sikre det som måtte vere igjen av stein som kan utgjere ein risiko, seier Nauste.

Straumstans?

Når vassbombinga skjer er det svært sannsynleg at stein vil treffe høgspentleidningen som går over rasstaden. Innbyggjarane i Todalen må difor vere budde på å miste straumen onsdag.

– Vi må også åtvare på det sterkaste om å nærme seg rasområdet medan arbeidet går føre seg. Lause steinblokker som losnar frå fjellsida kan ende opp fleire hundre meter frå rasområdet.

Ifølgje Nauste er det usikkert kor lang tid det vil ta å rydde og lage køyrbar veg forbi raset.

– Det veit vi ikkje før området er sikra og vi kan sende folk til å rydde bort lausmassen som ligg i vegbanen. Vi ser allereie no at det må sprengjast ut ei kile som vegen skal gå på, for det er glatte svaberg på delar av strekninga.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL