Hopp til innhold

Her blir flyktingane behandla som vanlege reisande

280 asylsøkarar kjem til Kristiansund i løpet av helga, men ingen frå kommunen vil stå og ta imot når dei første kjem. Beskjeden frå UDI er at dei skal behandlast som vanlege tilreisande.

Gjer klart til at flyktningar kjem på Atlanten camping

FLYKTNINGAR: Her blir det siste gjort klart før flyktningane kjem til Atlanten camping i Kristiansund. Mange køyesenger er bygd.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Kristiansund kommune er minimalt involvert når 280 asylsøkjarar kjem til byen i natt. Olav Grotli, som eig Atlanten turistsenter, har brukt fredagen til å gjere klart det aller siste før innrykket.

Det kjem først 110 natt til laurdag, deretter 140 på dagen i morgon. Saman med Hotel Kristiansund skal Atlanten camping ta imot til saman 280 asylsøkjarar som har kome via Russland og Finnmark.

Rådmann Arne Ingebrigtsen i Kristiansund

Rådmann Arne Ingebrigtsen forklarer at flyktingane blir behandla som vanleg reisande av hotella og campingen. Det blant anna fordi kommunen ikkje har dei ressursane som skal til.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Fredag sat kommunen i møte om andre ting. Dei involverer seg minimalt. Kontrakten er nemleg mellom UDI og dei private.

Kommunen har difor ikkje meir ansvar og oppgåver enn dei hadde hatt om det var vanlege turistar som blei innlosjert på hotella.

– Utfordringsbiletet er annleis på grunn av volumet. Men på ein måte kan ein seie at ein cruisebåt som hadde lagt her hadde vore same utfordringa, seier rådmann Arne Ingebrigtsen i Kristiansund.

Beskjeden frå Utlendingsdirektoratet er at dei skal behandlast som vanlege tilreisande.

Betre service på hotell

Heller ikkje innkvarteringsstadane er pålagt å yte noko utover tradisjonelle hotelloppgåver. Like fullt får dei i snitt betalt 800 kroner i døgnet per sengeplass. Ei inntekt kritiske røyster meiner kommunen burda sikra seg.

– Mange ville trudd at kommunen har plass til dei, og det har vi. Men vi har ikkje det same servicetilbodet. Vi har ikkje nok senger blant anna, og vi har heller ikkje andre mogelegheiter for å gi dei tre måltid om dagen, seier rådmannen.

Kristiansund kommune får kritikk for å gå glipp av inntekter ved å la private ta seg av asylsøkere.

Sjå tv-saka der vi er på besøk hos Atlanten camping og kommunen. Foto: Eirik Haukenes.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL