Hopp til innhold

Her blir dei mistenkte biltjuvane arrestert

Natt til tysdag blei ein bil stolen i Molde sentrum. Midt på lyse dagen i Kristiansund blei tre personar i 20-åra arresterte.

Tre personar i 20-åra blei pågripne i ein bil som blei stolen i Molde tidleg tysdag. Arrestasjonen skjedde på Uno X på Kongens plass i Kristiansund i 14-tida tysdag ettermiddag.

Her blir tre personar i 20-åra pågripne av politiet i Kristiansund. Dei er mistenkt for biltjuveri og innbrot i fleire bilar.

Dei tre, alle i 20-åra, er òg mistenkte for å ha brote seg inn i fleire bilar i Molde.

Desse lovbrota skal også ha skjedd natt til tysdag.

Mistenkte biltjuvar blir arrestert

Tre mistenkte personar i 20-åra blei pågripne i 14-tida i Kristiansund.

Fanga på overvåkingsvideo

Det var i 7-tida tysdag morgon at politiet melde om ein stolen bil, av typen VW Golf, i Molde sentrum.

Like etter kom det melding frå politiet om fleire innbrot i bilar, alle i parkeringstunnelen i Molde.

Innbrota blei fanga på video, og delar av gjerninga er synleg, seier politiet i Nordmøre og Romsdal.

Arresterte på bensinstasjon

Og det gjekk ikkje for lang tid før politiet i Nordmøre og Romsdal hadde lokalisert tre mistenkte.

På Kongens plass i Kristiansund blei tre personar i 20-åra arrestert. Som ein kan sjå i videoen øvst møtte politiet dei mistenkte på Uno X-stasjonen i sentrum.

Ifølgje augevitne skal dei mistenkte ha stoppa for å fylle luft i bildekka på den stolne bilen.

Der blei dei altså arrestert, og dei tre er mistenkt for både biltjuveri og innbrot i fleire bilar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL