Hopp til innhold

Redda livet til 13-åring - heidra med medalje

For eit halvt år sidan redda dei livet til 13 år gamle Deborah Merk etter å ha funne henne livlaus i Rauma. I kveld blei Endre Skiri og Aslak Palmstrøm Augestad heidra med medalje av Carnegie Heltefond.

Heidra

Aslak Palmstrøm Augestad (nummer to frå høgre) og Endre Skiri (nummer fire frå høgre) fekk diplom og bronsemedalje av Carnegie Heltefond, delt ut av Rauma-ordførar Lars Olav Hustad. Dei to redda livet til tyske Deborah Merk (som står mellom dei to). Foreldrene til Deborah, Ulrike og Andre, står på kvar si side av gutane.

Foto: Evy Kavli / Åndalsnes Avis

Takka vere Aslak og Endres snarrådigskap, innsats og kvalifiserte gjenopplivingsinnsats kunne den forulukka sitt liv bli berga og sleppe frå ulukka utan varige skadar.

Styret i Carnegie sitt Heltefond for Noreg

Slik heider var ikkje noko dei to unge redningsmennene hadde venta seg.

– Det er ei utruleg påskjønning for noko vi såg som det minste vi kunne gjere. Vi gjorde alt vi kunne, men det skulle ein berre vente. No kan vi ikkje gjere anna enn å smile, seier Aslak Palmstrøm Augestad (21) til NRK.

– Det er heilt utruleg. Ubeskriveleg, slår Endre Skiri (18) fast.

Fekk auge på flytande hjelm

I sommar hadde dei to unge mennene sommarjobb langs elva Rauma. Om formiddagen onsdag den 26. juni var dei ute i båt for å klargjere til laksefiske.

Plutseleg fekk Aslak og Endre auge på ein flytande hjelm, etterfølgt av ein kano snudd på hovudet.

– Vi lurte fælt på kva som hadde skjedd før vi såg ein redningsvest liggande i vassoverflata 500 meter nedanfor oss, sa Aslak til NRK etter ulukka.

Då dei to kom nærare såg dei hår på kvar side av redningsvesten.

– Armane låg på kvar side, nærast som ein skadeskoten fugl, fortalde Aslak.

Saka held fram under bildet.

Ulykke rauma 2

Det var svært dramatisk då 13 år gamle Deborah Merk blei funnen livlaus i elva Rauma 26. juni i år. Ho og systera (16) hadde ramla ut av ein oppblåsbar kano.

Foto: Øystein Talberg / Åndalsnes avis

Systera kom springande

Det var 13 år gamle Deborah Merk gutane fann i elva. Saman med hennar 16 år gamle syster hadde det gått gale med kanoen dei brukte. 16-åringen kom seg i land av eiga maskin, medan Deborah blei teken av elva.

Aslak og Endre kom seg raskt ut i elva då dei såg den unge tyske jenta. Trass i til dels sterke stryk i elva fekk gutane drege 13-åringen i land og starta hjarte-lunge-redning.

– Eg hadde vatn til livet, men det tenkjer ein ikkje på når det står om livet, sa Aslak til NRK.

Dei fekk ringt 113 og heldt på med livreddande arbeid då systera på 16 kom springande nedover langs elva.

– Ho var hysterisk. Eg fekk roa henne ned, samstundes som eg var oppteken av systera hennar, fortalde Aslak.

Begge gutane førstehjelp, og då ambulansepersonell kom til staden hadde Deborah framleis puls. Ho blei frakta vidare til St. Olavs Hospital i Trondheim, medan gutane måtte vente i uvisse.

Deborah Merk

Endre Skiri møtte Deborah Merk på St. Olavs Hospital i Trondheim. Her saman med mor til Deborah, Ulrike.

Foto: Stein Siem / Åndalsnes Avis

Hjarteleg gjensyn på sjukehuset

Etter ei svært lang veke på sjukehuset kom det endeleg gode nyheiter frå Trondheim. Tilstanden til Deborah hadde blitt nedgradert frå «alvorleg».

Ti dagar seinare fann eit hjarteleg møte stad på St. Olavs Hospital. Endre Skiri besøkte jenta han trudde han hadde funne død – i levande live.

– Då eg såg ho siste var ho jo død, sa Skiri til lokalavisa Åndalsnes Avis.

– Det var eit utruleg møte. Eg føler det har blitt knytt eit band mellom oss no. Under besøket gjekk praten lett. Vi har absolutt blitt venner, sa han til NRK.

No i romjula har gutane og Deborah igjen fått møttest.

– Svært takksam

Endre og Aslak har fått både heider og mange takk. Ei stund etter blei det derimot klart at Carnegie Heltefond ville heidre dei to med både medalje og diplom.

– Det var ikkje venta. Eg er svært takksam, men det viktigaste er at jenta har det bra. Å få ein slik pris er heilt utruleg, seier Aslak til NRK like før prisutdelinga.

– Det er eit lite eventyr. Eg er berre glad for at det enda som det gjorde – at ho overlevde, fortel Endre.

Dei to fekk Carnegie sin bronsemedalje av Rauma-ordførar Lars Olav Hustad til stor applaus, før dei no – igjen – skal tilbake til kvardagen.

– Eg må la det søkke inn no, avsluttar Endre.

Heidra

Endre og Aslak fekk diplom og medalje av Rauma-ordførar Lars Olav Hustad.

Foto: Evy Kavli / Åndalsnes Avis

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL