NRK Meny
Normal

Alvorleg, men stabilt for den unge jenta

Den 13 år gamle tyske jenta, som tidleg onsdag ettermiddag blei funnen medvitslaus i elva Rauma, er no stabil. Det opplyser intensivavdelinga ved St. Olavs Hospital i Trondheim.

Ulykke Rauma

Ei 13 år gamal tysk jente blei funnen medvitslaus ved Fiva campingplass ved Trollveggen i Rauma tidleg onsdag ettermiddag.

Foto: Øystein Talberg / Åndalsnes avis

Det var tidleg onsdag ettermiddag at ein kano med to unge systrer frå Tyskland velta i elva Rauma ved Trollveggen.

Den eldste av systrene, ei jente på 16 år, kom uskadd frå ulukka. Veslesystera på 13 år blei funnen medvitslaus i vatnet, før ho blei redda opp.

Politiet i Nordmøre og Romsdal fekk melding om ulukka klokka 13.03. Ulukka skjedde ikkje langt frå Fiva campingplass.

Blei flogen til Trondheim

Jenta blei floge til St. Olavs hospital i Trondheim, etter at den oppblåsbare kanoen velta. Ifølgje politiet pusta ho, men var medvitslaus.

– Ho var ute i ein oppblåsbar kano med den 16 år gamle systera si. Begge to ramla i elva. Ho på 16 år kom seg til land sjølv, ho på 13 år blei redda til land, sa operasjonsleiar Rolf Anders Korstad til NRK etter ulukka.

Den 16 år gamle jenta som klarte å redde seg på land, måtte sjå på at veslesystera på 13 ikkje klarte å kome seg inn til elvebreidda.

– Vi har fått opplyst at ho er veldig våt og forkomen, og prega av det som har skjedd.

– Det er oppretta kontakt med helsevesenet for henne og familien, sa Korstad.

Dykkarar var på staden

To luftambulansar blei flogne til staden då alarmen gjekk tidlegare onsdag ettermiddag. Den eine kom frå Ålesund med brannvesenet sine dykkarar om bord.

– Vi har fått luftambulanse og dykkarar til staden, og éi jente er tatt opp frå elva. Dei driv og hjelper henne no, sa operasjonsleiar Kjell Biesmans ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt litt tidlegare i ettermiddag.

Han understreka då at han ikkje visste om det er snakk om drukning.

Først blei det frykta at fleire var i elva, men det blei tidleg klart at det berre var to systrer som hadde ramla i elva.

– Vi har opplysningar på at det ikkje skal vere fleire, sa Biesmans.

Veit ingenting om årsaka

Politiet opplyser til NRK at dei ikkje veit årsaka til at kanoen gjekk rundt i elva Rauma.

– Det veit vi ingen ting om endå, det er alt for tidleg å seie noko om, sa Korstad ei stund etter ulukka.

– Vi prøvar å ta vare på og hjelpe til med ho som har vore i elva, og ta vare på dei rundt, sa Biesmans.

Ulykke rauma 2
Foto: Øystein Talberg / Åndalsnes avis