Hopp til innhold

Redda livlaus 13-åring etter kanoulukke

RAUMA (NRK.no): Dei to var ute i båt for klargjere til laksefiske då dei såg ein flytande hjelm etterfulgt av ein kano snudd på hovudet. – Vi lurte fælt før vi såg ein redningsvest i vassoverflata 500 meter nedanfor oss.

To kameratar er dei store heltane i Rauma etter at dei i dag redda ei livlaus jente opp av elva. Den tyske trettenåringen og søstera hennar velta i kano. Tilstanden til jenta er i kveld alvorleg, men stabil.

Aslak Palmstrøm Augestad (20) og Endre Skiri (17) fekk den 13 år gamle jenta på land då ho låg livlaus i vatnet i elva Rauma.

Det var 20 år gamle Aslak Palmstrøm Augestad og 17 år gamle Endre Skiri som heldigvis var på rett stad til rett tid. For tidleg onsdag ettermiddag var to unge tyske systrer i ei kanoulukke.

Den eldste systera på 16 år kom uskadd frå ulukka, men den yngste systera blei liggande igjen i elva Rauma i Romsdalen.

– Eg og kollegaen og kameraten min var ute ved elvebreidda for å rydde klart til nye gjestar til laksefiske. Då såg vi ein hjelm kome flytande nedover elva, etterfølgt av ein kano snudd på hovudet, fortel Aslak Palmstrøm Augestad til NRK.

Ulykke rauma 2

Den unge jenta blei henta av ambulansepersonell, før ho blei frakta vidare til St. Olavs hospital. Før det hadde to unge gutar drive hjarte-lunge-redning over lang tid.

Foto: Øystein Talberg / Åndalsnes avis

Fekk auge på ein redningsvest

Gutane var første borte med den oppblåsbare kanoen, før dei fekk auge på ein flytevest.

– Vi lurte fælt på kva som hadde skjedd, før vi såg ein redningsvest liggande i vassoverflata 500 meter nedanfor oss, fortel Aslak.

– I det vi kjem nærare ser eg hår på kvar side av redningsvesten. Armane låg på kvar side, nærast som ein skadeskoten fugl.

Dei unge gutane fekk sprunge ut i elva, drege den 13 år gamle jenta på land og starta hjarte-lunge-redning.

– Eg hadde vatn til livet, men det tenkjer ein ikkje på når det står om livet, slår Aslak fast.

Saka held fram under bildet.

Ulykke Rauma

Det var svært dramatisk då ei 13 år gammal tysk jente og systera ramla i elva Rauma tidleg onsdag ettermiddag.

Foto: Øystein Talberg / Åndalsnes avis

– Systera kom springande

Gutane ringde etter ambulanse, og Endre byrja livreddande arbeid.

Redningsmenn i Rauma

Aslak Palmstrøm Augestad (20) og Endre Skiri (17) fekk den 13 år gamle jenta i land.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Medan ambulansepersonell var på linja sprang Endre for å hente hjelp. Eg heldt på i 10-15 minutt med jente åleine, seier Aslak.

Då kom den 16 år gamle jenta, systera til 13-åringen.

– Systera kom springande nedover langs elva, ho var hysterisk. Eg fekk roa henne ned og samstundes som eg var oppteken av systera hennar.

Etter ei stund kom ambulansepersonell til staden. Då hadde jenta puls, og jenta blei frakta vidare til ambulansehelikopter og St. Olavs hospital i Trondheim. Dei to gutane får skryt frå ambulansepersonell og politi, og at dei to kunne førstehjelp kan ha redda livet til 13-åringen.

– Eg har fått nokre kurs opp gjennom, og eg visste kva det gjekk ut på. Det var berre å stå på og ikkje gi seg, og vente på at ambulanse var på staden, avsluttar Aslak.

No håper gutane at alt etter kvart går bra med den unge jenta.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL