NRK Meny
Normal

Vert heidra for redningdåden i juni

Aslak Palmstrøm Augestad og Endre Skiri frå Rauma får medaljar frå Carnegies Heltefond for innsatsen dei gjorde då dei redda to tyske tenåringsjenter frå drukningsdøden i sommar.

Redningsmenn i Rauma
Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ulykke Rauma

Det var svært dramatisk då den 13 år gamle jenta og systera velta i elva Rauma den 26. juni.

Foto: Øystein Talberg / Åndalsnes avis

26. juni var to tyske systrer på 13 og 16 år ute med ein oppblåsbar kano på den flaumstore elva Rauma.. Den eldste av jentene vart kasta ut av kanoen og kom inn på grunt vatn, medan den 13 år gamle systera Deborah Merk forsvann nedover elva.

Heldigvis var 20 år gamle Aslak Palmstrøm Augestad og 17 år gamle Endre Skiri på rett stad til rett tid.

Gutane, som var på sommarjobb langs elva, oppdaga redningsvesten som jenta hadde på seg og fekk drege ho til land. Dei utførte livreddande førstehjelp og fekk varsla naudetatane.

Den tyske tenåringsjenta vart frakta med helikopter til St. Olavs Hospital der ho etter seks dagar vakna til medvit. Der fekk ho også besøk av den eine redningsmannen hennar.

Slik vurderer styret i Carniges Heltefond det som skjedde:

"Takket være Aslak og Endres snarrådighet, innsats og kvalifiserte
gjennopplivingsinnsats kunne den forulykkedes liv berges og slippe frå ulykken uten varige skader."

Aslak Palmstrøm Augestad og Endre Skiri får Carnegies bronsemedalje og diplom for innsatsen.