Hopp til innhold

Halloween-råd: – Ring på berre hos folk du kjenner

Helsedirektoratet vil ikkje avlyse årets Halloween-feiring, men ber barna droppe å ringe på ukjende dører for å gå «knask eller knep».

Happy Halloween party with children trick or treating Happy Halloween party with children trick or treating

KORONA: Helsedirektoratet ber barn som skal gå «knask eller knep» i år om å berre ringe på hos folk dei elles er saman med i kvardagen eller i barnehagen og på skulen.

Foto: Monkey Business Images

31. oktober blir Halloween, eller allehelgensaftan, feira. Då kan det bli mange handavtrykk på dørhandtak og ringeklokker rundt om i nabolaga. Men i år kan alt bli annleis.

 Leona Solibakken Lindin, elev ved Hatlane skole i Ålesund.

Leona Solibakke Lindin synest det er dumt at ho ikkje får gå «knask eller knep» i år.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Eg synest det er litt dumt, men eg skjønar at vi ikkje får gå «knask eller knep» på grunn av koronapandemien, seier Leona Solibakke Lindin i klasse 4A ved Hatlane skole i Ålesund.

– Eit lite offer

Hatlane skole bruker vanlegvis å arrangere ein stor Halloween-fest for alle elevane. I år er denne avlyst. Det same skjer ved naboskulen Volsdalen.

Christian A. Strømmen, FAU-leiar ved Hatlane skole.

Christian A. Strømmen meiner barn må tole å ikkje gå «knask eller knep» i år.

Foto: Remi Sagen / NRK

Frykta for koronasmitte gjer også at mange foreldre allereie har bestemt seg for å nekte ungane å gå «knask eller knep» under årets Halloween. Det får ungane tole, seier Christian A. Strømmen, FAU-leiar ved Hatlane skole.

– Det er eit lite offer for å hindre smitte. I tillegg er det mange eldre som kanskje hadde opna døra sjølv om dei var uroa for å bli smitta. Og det treng ikkje vi å utsette dei for, seier han.

– Ikkje året for store festar

Trass koronapandemien vil ikkje Helsedirektoratet kome med ei generell fråråding mot Halloween-feiringa, seier assisterande helsedirektør, Espen Nakstad.

Espen Rostrup Nakstad, assisterende helsedirektør i Helsedirektoratet, på baksiden av NRK 9. juli i år. Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

SMITTEVERN: Assisterande helsedirektør, Espen Nakstad, meiner det ikkje er nødvendig å kome med ei generell fråråding mot Halloween.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

– Slik som situasjonen er no, har vi ingen grunn til å det. Mange barn ser fram til Halloween og fleire stadar i Noreg kan ein feire på ein trygg måte. Å ringe på hos naboar, klassekameratar eller andre som ein elles er i kontakt med dagleg vil medføre liten smitterisiko. Men ein bør avgrense det til desse personane.

Nakstad vektlegg at det kan skje endringar i smittesituasjonen før 31. oktober.

– Det er uansett ikkje tida for store Halloween-festar. Om ein er i risikogruppa kan ein la vere å lukke opp døra, og ein skal sjølvsagt ikkje opne døra om ein er sjuk.

Det er så langt ikkje aktuelt med lokale reglar på Halloween, men Nakstad seier at dette også kan endre seg.

– I dag er det mange kommunar som ikkje har smitte. Men vi veit ikkje korleis situasjonen er i dei ulike kommunane i oktober, så det er for tidleg å seie om det kan kome lokale restriksjonar.

Risiko for smitte

FAU-leiaren synest det er rart at Helsedirektoratet ikkje generelt legg ned eit forbod mot å gå «knask eller knep».

Eivind Strand Larsen, elev ved Hatlane skole i Ålesund.

Eivind Strand Larsen trur årets alternative Halloween-feiring kan bli gøy.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Ein veit aldri kvar ein bli smitta. Dess fleire som tek på dei same tinga, dess større er sjansen for å bli smitta. Det er også ein risiko for at barna dreg med seg smitten frå hus til hus, seier han.

Elevane ved Hatlane skole har likevel tru på at årets Halloween-feiring kan bli bra.

– Eg trur ein framleis kan ha det gøy heime. Ein kan for eksempel invitere nokre vennar, seier Eivind Strand Larsen.

Slik får du ei så trygg Halloween-feiring som mogleg:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL