Hopp til innhold

Tek grep for å spare pengar ved sjukehusa

Helse Møre og Romsdal er i ferd med å hamne i eit økonomisk uføre. No tek direktøren grep for å få kontroll over økonomien.

Olav Lødemel, administrerande direktør Helse Møre og Romsdal.

Direktør Olav Lødemel i Helse Møre og Romsdal kjem alt frå innverande månad til å ta kontroll over tilsetjingane i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Gjennom pandemien blei Helse Møre og Romsdal eitt av helseføretaka i Noreg med kontroll på økonomien. Dei siste månadene har det dukka stadig oftare opp raude tal.

Og på bakgrunn av tala frå januar kimar no alarmklokkene. Denne månaden var underskotet i høve budsjettet på 25, 8 millionar kroner.

– Resultatet for januar er urovekkjande. Til styremøtet i mars skal det leggast fram ein konkretisert omstillingspakke knytt til budsjett og vidare drift i 2024, skriv direktør Olav Lødemel til styret.

Årsaka til dei økonomiske vanskane er både lågare inntekter og høgare kostnader. Mykje av dette har samanheng med førebuing til innføringa av Helseplattforma.

– Endringa av aktivitet kan langt på veg relaterast til uttak av personell knytt til opplæringa i Helseplattforma, skriv Lødemel.

Les også Håper ny rapport kan stoppe innføringa av omstridd journalsystem

Helseplattformen sykepleiere

Opplæring i Helseplattforma i Ålesund 9. februar 2024. Vi ser frå bak i lokalet fram mot læraren. Det lyser frå mange dataskjermar og vi ser ryggane til 7 elevar som sit konsentrert og får opplæring i Helseplattforma

Det pågår no omfattande opplæring i Helseplattforma i Helse Møre og Romsdal. Etter planen skal Helse Møre og Romsdal ta i bruk Helseplattforma 27. april i år.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Tiltak med rask effekt

No tek direktøren grep. Han varslar at han alt frå mars vil innføre ein streng tilsetjings- og utlysingskontroll. Talet på årsverk skal ned, men det blir ikkje full tilsetjingsstopp. For sjukehusa vil heile tida ha behov for tilsette med rett kompetanse.

– Underskotet for januar synleggjer at det er heilt naudsynt å innføre tiltak som kan ha rask effekt. Samla årsverksforbruk må reduserast og skal ein få verknad tidleg i året ser eg det som naudsynt å endre rutinar for tilsetjingar frå no av, skriv Lødemel i sakspapira.

Les også Helsetilsynet fryktar pasientskadar når Helseplattforma blir rulla ut

TWFiWk7ppW4 Statens Helsetilsyn

Ålesund Sjukehus Barne og ungdomsavdelinga

Det blir sett i gang eit arbeid for å redusere kostnadene ved klinikkane i Helse Møre og Romsdal. Talet på årsverk er jamt over for høgt, ifølgje dokument som skal leggast fram for styret.

Foto: Nils-Atle Sundnes

Effektivisering i klinikkane

Samstundes som direktøren no flyttar alle tilsetjingssaker opp på toppnivå i organisasjonen varslar han at det også blir rundar med omstillingar i klinikkane. Direktøren presiserer fleire gonger at talet på årsverk i Helse Møre og Romsdal må ned.

– Tala for januar viser at inngangshastigheita når det gjeld samla kostnadsnivå i 2024 er for høg i høve til gjeldande budsjettramme, skriv direktøren i papira som skal leggast fram for styret førstkomande onsdag.

Opplæring i Helseplattforma i Ålesund 9. februar 2024. Vi ser frå bak i lokalet fram mot læraren. Det lyser frå mange dataskjermar og vi ser ryggane til 7 elevar som sit konsentrert og får opplæring i Helseplattforma

Det pågår no omfattande opplæring i Helseplattforma i Helse Møre og Romsdal. Etter planen skal Helse Møre og Romsdal ta i bruk Helseplattforma 27. april i år.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK