Administrerande direktør Finn Haugan, seier han reknar med at Kredittilsynet vil krevje full samanslåing av dei to bankane.
I ein overgangsperiode er det likevel ikkje noko i vegen for at Fellesbanken kan halde fram som ein sjølvstendig bank, sjølv om lova i utgangspunktet krev at bankar ikkje skal eige andre bankar, seier seksjonsjef Kjell Arne Aasgaarden i Kredittilsynet.
Ei av sakene som Aasgaarden viser til er Nordlandsbanken som er eigd av DNB. Dei siste to åra har banken fungert som ein sjølvstendig bank, sjølv om den er eigd av DNB.
Kan tvangsinnløyse aksjar
Dei fleste aksjonærane i Fellesbanken veljer å selge til trøndarane no når prisen er svært god. Når dei målet om 90 prosent eigarskap kan SpareBank 1 tvangsinnløyse resten av aksjane, til ein pris som partane vert samde om og som truleg ligg langt under kursen som gjeld no.
Aksjonærar som veljer å ikkje selje kan heller ikkje vente seg tilsvarande utbytte som fellesbankaksjonærane har fått dei siste åra, sidan det er fleirtalet på generalforsamlinga som avgjer storleiken på utbyttet.
Aksjonærkonto
Aksjonærane i Fellesbanken har fram til no også nytt godt av ein "aksjonærkonto". Denne kontoen har hatt langt betre vilkår enn andre kontoar.
Finn Haugan i SpareBank 1 Midt-Norge lovar no langt på veg at aksjonærar som kjøper seg inn i sparebanken med grunnfondsbevis også skal få eit tilsvarande tilbod.