Hopp til innhold

Held fram med avhøyr utover kvelden

Politiet held framleis på med avhøyr som følgje av aksjonane i Ålesund sentrum måndag. Den eine av dei to som var involvert i trusselsituasjonen i Skaregata blei sleppt fri tidlegare i dag. Den andre sit tysdag kveld i avhøyr, opplyser jourhavande politiadvokat Arnt Erik Oust til NRK. Også dei to som vart arresterte i Steinvågvegen på Aspøya er inne til avhøyr. Politiet håper at avhøyra vil gi dei eit betre bilde over kva som faktisk skjedde under trusselsituasjonen i Skaregata måndag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL