Hopp til innhold

Fleire væpna aksjonar i Ålesund

Minst fire personar er arresterte etter at politiet har aksjonert mot fleire adresser i Ålesund sentrum. Alle arrestasjonane blir sett i samanheng.

Politiaksjon på Aspøya i Ålesund

Tungt væpna politi aksjonerte mot fleire adresser på Aspøya i Ålesund måndag ettermiddag.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Som følgje av ein trusselsituasjon i Skaregata tidlegare i dag, aksjonerte politiet mot fleire adresser i Ålesund måndag ettermiddag. Væpna politi rykte først ut til ei adresse i nærleiken av Aspøya omsorgssenter. Der skal politiet ha tatt seg inn i ei leilegheit med ein rambukk, ifølgje Sunnmørsposten.

Politiaksjon i Steinvågvegen i Ålesund

Politiet har arrestert to personar i Steinvågvegen på Aspøya.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Like etterpå aksjonerte politiet mot ei ny adresse i Steinvågvegen på Aspøya. Her arresterte dei to personar. Politioverbetjent Sindre Ryssevik seier til NRK at dei ikkje kan utelukke fleire pågripingar. Han fortel at det var observasjonar i Skaregata som førte til arrestasjonane på Aspøya.

– Det blei observert to personar som plukka opp noko av interesse frå gata før dei køyrde frå staden.

Ryssevik seier vidare at dette er personar som kan vere tilknytt saka, men at han på dette tidspunktet ikkje vil seie noko om kva slags tilknyting det er snakk om. Politiet har kontroll på bilen som dei to køyrde av garde i, og dei to personane blir no avhøyrd av politiet.

Til sjukehus med knivskadar

Tidlegare i dag blei to menn i 20-åra arrestert etter det som skal ha vore ein trusselsituasjon med våpen i Skaregata i Ålesund. Dei to, som skal vere 20 og 25 år, blei sendt til sjukehuset i Ålesund med knivskadar. Skadeomfanget er så langt ukjent. Begge dei involverte har status som sikta til politiet får ei oversikt over situasjonen.

Politioverbetjent Sindre Ryssevik

Politioverbetjent Sindre Ryssevik.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Eg kan ikkje seie så mykje om kva som skjedde i Skaregata, men det har vore ei knivstikking, og dei to involverte personane ligg på sjukehus, seier Ryssevik.

Dei to skal ifølgje politioverbetjenten ha vore ein del av eit rusmiljø, men politiet veit ikkje om dei to barka saman på grunn av eit oppgjer.

– Vi har ikkje begynt å etterforske saka enno, så det er på dette tidspunktet vanskeleg å seie noko meir om kva som er bakgrunnen for det som har skjedd.

Politioverbetjenten kan ikkje seie no om dette har noko med drapssaka på Brunholmen å gjere.