Hopp til innhold
Politiaksjon Skaregata
Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK

Storaksjon i Ålesund

Oppsummert

Politiet i Ålesund har aksjonert mot fleire adresser i Ålesund sentrum som følgje av ein trusselsituasjon.

  • Dømt til fengsel

    Ein mann frå Sunnmøre er dømt til fengsel i eitt år og tre månader for fleire lovbrot. Mannen i 20-åra er blant anna dømd for oppbevaring og bruk av narkotika og for oppbevaring av fleire våpen. Han blei også dømd for køyring i rusa tilstand og utan gyldig førarkort, og mistar retten til å køyre bil for alltid. I dommen går det fram at mannen har store rus- og psykiske problem. Retten ber difor Kriminalomsorgen om å vurdere soning i ein rusinstitusjon. 26-åringen er også dømt for alvorlege truslar og drapstruslar mot fleire politibetjentar og deira familiar. Dette skal ha skjedd ved fleire høver der han har vore i kontakt med politiet. Mannen blei arrestert under ein politiaksjon i Ålesund i april, og skal også då ha kome med truslar mot politiet. Dei andre lovbrota som mannen blei sikta for då, er enno ikkje behandla av retten. Dommen blei først omtalt av smp.no.

  • Varetektsfengsles i åtte uker

    En av de pågrepne etter politiaksjonen i Skaregata i Ålesund sentrum har blitt varetektsfengslet på nytt i åtte uker. Det forteller politijurist Magne Kvalvik. – Det forholdet som skjedde i Skaregata inngår ikke i siktelsen han er varetektsfengslet på. Den saken etterforskes fremdeles. Siktelsen gjelder tidligere forhold, som gjelder befatning av narkotika og vold og trusler mot politiet, forteller Kvalvik til NRK.

  • Varetektsfengslet i fire uker

    En av de pågrepne etter politiaksjonen i Skaregata er varetektsfengslet i fire uker, melder Sunnmørsposten. – Han er sikta for vold og narkotikakriminalitet, forteller aktor Magne Kvalvik. Mannen samtykker til fengsling.

  • Held fram med avhøyr utover kvelden

    Politiet held framleis på med avhøyr som følgje av aksjonane i Ålesund sentrum måndag. Den eine av dei to som var involvert i trusselsituasjonen i Skaregata blei sleppt fri tidlegare i dag. Den andre sit tysdag kveld i avhøyr, opplyser jourhavande politiadvokat Arnt Erik Oust til NRK. Også dei to som vart arresterte i Steinvågvegen på Aspøya er inne til avhøyr. Politiet håper at avhøyra vil gi dei eit betre bilde over kva som faktisk skjedde under trusselsituasjonen i Skaregata måndag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL