I dag har regionrådet møte i Nesset, der kraftsituasjonen blir eit sentralt tema.
Gasskraft
Møre og Romsdal kan få eit kraftunderskot dei næraste åra, og Mork er klar på at eit gasskraftverk kan bidra til å løyse problemet.
- Vi er veldig uroa. Vi må løyse den utfordringa vi her står føre, seier ho.
Storforbrukar
Anlegget på Nyhamna i Aukra vil verte ein storforbrukar av kraft, og som ordførar i Aukra føler Aud Mork eit særskilt ansvar for å få orden på kraftsituasjonen.
- Det hastar, og om vi berre tek ei avgjerd kan eit gasskraftverk stå klart om to år. No vil vi setje alle krefter i sving for å få orden på dette, seier ho.