Hopp til innhold

Har trua på løysing for Kleven

Ordførar Knut Erik Engh er sikker på at det kjem ei løysing for å berge Kleven. Redaktør Kjetil Haanes trur det kan kome inn kapital frå nærmiljøet.

Kleven verft i Ulsteinvik

Den økonomiske situasjonen ved Kleven Verft i Ulstein er krevjande.

Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK

Det er ein alvorleg situasjon for verftet Kleven i Ulstein. Konsernet har eit stort underskot og er avhengig av at nye investorar kjem på plass innan kort tid. Kleven er ei viktig bedrift i Ulstein og ordførar Knut Erik Engh fylgjer nøye med på situasjonen.

– Eg trur det blir ei løysing. Eg er overbevist om at det blir ei løysing, så får vi håpe at det er ei løysing som sikrar eit langsiktig og godt eigarskap, seier Engh.

Knut Erik Engh

Ordførar Knut Erik Engh (Frp) har tru på ei snarleg løysing for Kleven.

Foto: Arne Flatin / NRK

Tapte store pengar

Kleven skal blant anna ha tapt rundt 270 millionar kroner på bygging av eit offshoreskip for eit malaysisk reiarlag. Reiarlaget greidde ikkje å betale for skipet, og det blei liggande utan eigar lenge. Sjølv om skipet vart seld tidlegare i sommar, tapte Kleven stort.

Kjetil Haanes er redaktør i nettstaden Nett.no. Han seier at konsernet har vore i økonomiske vanskar dei siste to åra og har brote lånevilkåra. Kleven tapte 570 millionar kroner i 2015 og 2016. For å få ny byggelånsfinansiering til å byggje dei to ekspedisjonsskipa som Hurtigruten har bestilt, er Kleven avhengig av ny kapital.

– Det ser ut som det kjem til å ordne seg. Hurtigruten er avhengig av at Kleven gjer ferdig arbeidet dei har starta på. Dei har allereie starta å selje eksklusive turar, seier Haanes. Han tur Hurtigruten kjem til å gå inn med kapital dersom det blir naudsynt.

Patriotkapital

Ståle Rasmussen, adm.dir i Kleven Verft

Administrerande direktør Ståle Rasmussen i Kleven håper å ha nye investorar på plass innan kort tid.

Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK

Redaktøren trur også at bankane er interesserte i å finne ei løysing, fordi dei vil unngå at Kleven går konkurs. Bankane kan risikere å tape store pengar på fire Maerskbåtar.

– Det kan tenkast at det er litt patriotkapital på Sunnmøre som også går inn, seier Haanes. Han veit at fleire driv og reknar på om dei skal gå inn i Kleven.

Administrerande direktør Ståle Rasmussen i Kleven sa til NRK måndag at dei er i dialog med fleire investorar som kan vere aktuelle.

– Vi håpar at Kleven vil vere interessant for fleire. Vi har jobba med dette i nokre månader, og håper at vi i løpet av relativt kort tid kan få på plass ei løysing, sa Rasmussen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL