Hopp til innhold

Har fem år på å bli den sterkaste i Noreg

Odd Inge Kvernberg frå Rindal har trent mot dette sidan 2011. Då sette han seg målet om å bli den sterkaste i Noreg, og no er det innan rekkevidde

Odd Inge Kvernberg

TUNGE LØFT: Odd Inge Kvernberg frå Rindal trenar helst 12 til 15 timar i veka, for å bli den sterkaste i Norge innan 2021.

Foto: John J. Storholt

Han kan oppfylle draumen allereie i september når det er finalerunde i NM i Strongman, men Kvernberg har ikkje hastverk.

– Eg sette eg meg som mål å bli Norges sterkaste i løpet av ti år. Men for oss i Norge er dette berre ein hobby, og då trengst det tid.

Denne helga kan han ta neste steget mot målet. Då er det klart for andre runde i Norges Strongman Cup 2017, i Nordreisa i Troms.

Der skal Kvernberg velte dekk, løftar steinar og trekker lastebilar – for å nemne nokon av øvingane. Han er klar for ei fysisk krevjande helg.

Eg skulle gjerne hatt endå litt betre oppkøyring

Odd Inge Kvernberg

– Kroppen følast grei og er skadefri. Eg skal ete godt, kvile og få hovudet på plass for å prestere mitt beste, seier han.

Odd Inge Kvernberg

I RUTE: Kvernberg kom på 6.-plass i fjorårets NM i Strongman. No vil han opp ei plassering for kvart år.

Foto: John J. Storholt

Må trene smart

Han er allereie i noregstoppen, men må bygge stein for stein for stein for å bli den aller beste. Kvernberg seier det er viktig å gi seg sjølv tid til å bygge opp nødvendig styrke, kunnskap og erfaring.

Det handlar om å skunde seg sakte

Odd Inge Kvernberg

– Det handlar om å trene smart. Når du kjenner smerter i ledd og musklar må du gi deg før det er for seint. Ta nokre frikveldar for å bli bra igjen.

Odd Inge Kvernberg

IKKJE ÅLEINE: Kvernberg er ein del av Hercules Strongman Team, som trenar i dei gamle meierilokala i Rindal.

Foto: John J. Storholt

Målet er hårete og marginane er små. Kvernberg er på ingen måte garantert plass i årets finale. Men han skal til dit og han skal bli best, til slutt.

– Ein ser at det er små detaljar og kort veg til toppen. Det handlar om å finpusse forma og stå på, så vil strevet betale seg.

Planen er å klatre ein plass oppover for kvart år. Med ein 6.-plass i fjor, betyr det at han når målet i 2021.

Likevel innrømmer han at det hadde vore heilt greitt om han berre kunne vinne heile greia i år.

Utfordrande

Når han ikkje trenar er Kvernberg offshore som oljearbeidar, og har vore på jobb i nesten alle verdsdelar. Alle reisene kan vere ei utfordring når han trenar for å bli best.

– Eg må vere dobbelt så flink når eg først er heime, for eg mister jo omtrent seks månadar med trening kvart år.

Det er ikkje nok fysisk arbeid offshore til at det bidrar til treninga.

– Reglane for HMS er strenge, så det meste eg har lov å løfte i jobben er 25 kg. Men når eg er ferdig med skiftet kan eg godt gå i treningsrommet og ta 300 kg i markløft.

Odd Inge Kvernberg

MOTIVERT: Kvernberg er klar for å bli den sterkaste i landet, og tar neste steg på vegen når han konkurrerer denne helga.

Foto: John J. Storholt

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL