Hopp til innhold

Halvparten har tissa på seg på trening: Tine (19) vil ha openheit rundt temaet

Ny forsking viser at overraskande mange i toppidretten slit med det same.

Tine Rognaldsen Pedersen

IKKJE FLAU: Vektløftar Tine Rognaldsen Pedersen (19) vil ha meir openheit rundt alt av utfordringar på trening, også urinlekkasjar.

Foto: LAURITA FURE BRICENO / NRK

– Midt i eit maksløft skulle eg ta imot vektstonga etter vending. Då kjente eg berre at «oi, no tissa eg på meg».

Tine Rognaldsen Pedersen er i noregstoppen i vektløfting. Ho er 19 år gammal, har ikkje fødd barn.

Likevel var uhellet ute.

For henne var det eit eingongstilfelle, men ny forsking viser at ho er langt frå aleine.

Vanleg heilt nede i 12-årsalderen

Kristina L. Skaug ved Noregs idrettshøgskole (NIH) har forska på nettopp dette blant idrettsutøvarar på nasjonalt toppnivå.

Der svarte fleire at dei har hatt urinlekkasje ein eller fleire gonger under trening:

  • Halvparten av kvinnelege vekt- og styrkeløftarar
  • Halvparten av kvinnelege cheerleaderar
  • 7 av 10 kvinnelege apparatturnarar
  • 8 av 10 kvinnelege troppsgymnastar

– Mange tenker nok at inkontinens er noko som rammar eldre kvinner eller dei som har fødd barn, seier Skaug.

Men berre eit fåtal av deltakarane i studiane hennar har ungar. Dei yngste er ikkje meir enn 12 år gamle.

Kristina Lindquist Skaug

NYTT: Kristina L. Skaug er overraska over funna i forskinga si på inkontinens i toppidrett.

Foto: NIH

– At det er idretten i seg sjølv som gjev desse lekkasjane, trur eg mange synest er overraskande.

Tabubelagt tema

Mange opplever det, men få snakkar om det.

For nokre kvinner vert lekkasjane så sjenerande at dei kutter ut enkelte treningar eller øvingar. For andre kan det til og med vere grunn til å slutte heilt med idretten sin, viser tidlegare forsking.

Likevel har så få som seks prosent av dei som slit snakka med trenaren sin eller helsepersonell om problemet.

Skaug trur det er fordi få veit om at det går an å gjere noko med det.

– Det er nok eit tabubelagt tema. Fleire av utøvarane svarte at dei synest det er flaut.

Enkel løysing

Felles for idrettane det er snakk om, er at dei har mykje av bevegelsar som gir høgt bukpress, som hopp og landing, støyt og press. Det gir bekkenbotnen ei utfordring.

Sjølv om ein er topptrent elles, kan muskulaturen rundt bekkenet slite med å stå imot presset og halde blæra tett.

Tine Rognaldsen Pedersen

TUNGE TAK: Pedersen er ikkje overraska over tala. – Det er jo ein idrett der ein tek skikkeleg i, seier ho.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

For å få bukt med problemet, er det trening av bekkenbotnmuskulaturen spesifikt som gjeld. Du har kanskje høyrt om knipeøvingar?

Det er både enkelt og gratis, men ein må vere konsekvent og halde fram over tid.

– Gi det fire til seks månadar før du gir opp, er rådet frå Skaug.

Vektløftar Pedersen trur i tillegg at openheit om temaet vil hjelpe.

– Eg veit jo at folk synest det er pinleg. Eg kan gjere ein skilnad med å seie at eg ikkje synest det er det, og så vert det jo berre så flaut som ein gjer det til.