Hopp til innhold

Har arrestert ein person til etter innbrot

Politiet har no arrestert den andre mistenkte etter eit innbrot ved ein urmakar i Molde natt til måndag. Dette skjedde like før midnatt. Ein annan mistenkt blei arrestert i 13.00-tida i går. Politiet leita med store styrker etter dei to i Rauma i går etter at ein mogleg fluktbil blei funnen på eit jorde. Det er så lagt uklart om tjuvegodset er funnet. Det vil bli gjennomført eit søk i området der dei to gøymde seg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL