Hopp til innhold
Innbrot hos Urmaker Jermstad i Molde
Foto: Roar Strøm / NRK

Innbrot i urmakarbutikk i Molde

  • Vil ikkje behandle anke

    Lagmannsretten vil ikkje ta ei behandling av innbrotet i ei urmakarforretning i Molde i fjor.

    Mannen i 40-åra, som blei dømt til fengsel i to år og fem månader for innbrot, skadeverk og bilbrukstjuveri, anka til lagmannsretten. Han meinte at straffa var for lang og at han hadde hatt ei mindre rolle i innbrotet enn det Møre og Romsdal tingrett hadde kome fram til.

    Lagmannsretten meinte derimot at behandlinga som hadde vore i tingretten hadde vore grundig. Dei har difor kome til at anken på straffeutmålinga ikkje får ei behandling i lagmannsretten, då dei meiner at denne ikkje vil føre fram.

    Mannen blei også frådømt retten til å føre motorvogn i Noreg i to år. Lagmannsretten meinte derimot at det ikkje var grunn til å frådømme han dette, då mannen ikkje hadde førarrett i Noreg.

    Den andre mannen, som blei dømd i same sak, har ikkje valt å anke.

    Dei to blei dømd for ha stole 133 klokker som skal ha hatt ein utsalsverdi på 3,3 millionar kroner.

  • Har anka dommen

    Mannen i 40-åra, som blei dømd til fengsel i to år og fem månader for urmakarinnbrotet i Molde i fjor, har anka dommen til lagmannsretten. Det går fram av eit dokument frå Møre og Romsdal tingrett.

    Mannen blei i februar i år dømd til fengsel for innbrotet i urmakarforretninga og for innbrotet i ei hytte i Rauma medan ha var på rømmen frå politiet. Det er per no ikkje sett ein dato for ei eventuell ankesak.

    Den andre mannen, som blei dømd i same sak, har valt å ikkje anke.

    Dei to stal 133 klokker som hadde ein utsalsverdi på rundt 3,3 millionar kroner frå urmakaren.

    Innbrot hos Urmaker Jermstad i Molde
    Foto: Roar Strøm / NRK
  • Ankar ikkje straffa

    Mannen i 30-åra, som blei dømd til fengsel i to år og fire månader for urmakarinnbrotet i Molde i fjor, ankar ikkje straffa. Det seier advokaten til mannen til Romsdals Budstikke.

    Forsvararen til mannen i 40-åra, som blei dømd til fengsel i to år og fem månader, seier til NRK at dei skal diskutere ei anke før ankefristen på 14 dagar går ut. Han seier at hans klient synest straffa er streng sjølv om den er noko lågare enn det aktor bad om.

    Dei to blei dømd til fengsel førre veke for å ha stole 133 klokker som skal ha hatt ein utsalsverdi på 3,3 millionar kroner.

  • Dømd til fengsel etter urmakarinnbrot

    To menn i 30- og 40-åra frå Romania er dømd til fengsel etter innbrotet i ei urmakarforretning i Molde i fjor haust. Dei to braut seg inn og stal 133 klokker som hadde ein utsalsverdi på rundt 3,3 millionar kroner. Dei stakk så av i ein stolen bil og det blei starta ei politijakt. Dei to mennene blei seinare funnen i terrenget i Rauma der dei prøvde å gøyme seg.

    I tillegg til innbrotet er dei to dømde for bilbrukstjuveri og grovt skadeverk. Mannen i 30-åra blei dømd til fengsel i to år og fire månader, medan mannen i 40-åra blei dømd til fengsel i to år og fem månader. Han blei også dømd for innbrot i ei hytte og for å ha stole kle derifrå. I tillegg er begge mennene dømd til å miste førarretten i Noreg i to år. Dei to erkjente begge straffeskuld då rettssaka mot dei gjekk i tingretten førre veke.

    Ifølge dommen kom dei to mennene til Noreg få dagar før innbrotet. I retten forklarte mennene at dei kom til Noreg under løfte om arbeid i byggebransjen, men at dette ikkje viste seg å stemme då dei kom til landet. Ein av mennene forklarte så at innbrotet var bestilt av ein tredjemann, medan den andre forklarte at det skjedde impulsivt fordi dei ikkje hadde pengar.

    Retten meiner derimot at innbrotet ber preg av planlegging, både når det gjeld sjølve tjuveriet og fluktruta. Dei er difor overtydd om at hensikta med å kome til Noreg var for å gjere ei straffbar handling og meiner dei to kan dømmast som mobile vinningskriminelle.

    Det er framleis uklart om dei to anker straffa. Begge forsvararane til mennene opplyser til NRK at dei ikkje har fått snakka med klientane sine endå.

    Innbrot hos Urmaker Jermstad i Molde
    Foto: Roar Strøm / NRK
  • Bad om over to års fengsel for grovt tjuveri

    Politiadvokat Anders Skorpen Trøen bad om to år og sju månader fengsel for den tiltalte i 40-åra, og to år og tre månader fengsel for den tiltalte i 30-åra, etter eit innbrot i ei urmakarforretning i Molde i fjor haust.

    Det kom fram i retten i dag. Ifølge tiltalen skal dei to ha stole 133 klokker som hadde ein utsalsverdi på rundt 3,3 millionar kroner.

    Mennene er også tiltalt for bilbrukstjuveri, grovt tjuveri, grovt skadeverk og for å ha brote seg inn hos urmakaren og i ei hytte i Rauma.

    – Vi ber om lengre straff for mannen i 40-åra fordi han også braut seg inn i ei hytte. Påtalemakta har også lagt vekt på at mannen i 30-åra opplyste kvar klokkene var gøymd, noko som gjorde at dei raskt blei funnen, seier Trøen.

    Begge har fått strafferabatt for å ha erkjent straffskuld for det dei er tiltalt for.

    – Eit sentralt spørsmål for retten blir om dei kvalifiserer for å vere mobile vinningskriminelle, altså personar utan tilknyting til Noreg som kjem hit for å gjere straffbare handlingar før dei igjen forlèt landet, seier Trøen.

    Ingen av dei to mennene er tidlegare straffa i Noreg. Begge forsvararane til mennene ber om kortast mogleg straff.

    Bjørn Philipson er forsvararen til den tiltalte mannen i 40-åra. Han meiner det er feil at hans klient skal få ei lenger straff. Begge forsvararane er også ueinig i at han skal ha vore ein kriminell vinningskriminell.

    – Min klient opplyste kvar tjuvegodset var då han sprang frå staden og eg meiner det må leggast til grunn, sjølv om det då hadde blitt flytta, seier Philipson.

    Dei to tiltalte har også forklart seg ulikt om bakgrunnen for innbrotet. Mannen i 30-åra har påstått at dei blei leigd inn av ein tredjeperson.

    – Som eg sa i retten så meiner eg at det ikkje er bevis for at det har vore nokon bakmenn. Dette er to menn som har kome til Noreg for å jobbe, men så gjekk ikkje det vegen og førte etter kvart til innbrotet, meiner Philipson.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL