Hopp til innhold

Håper det roar seg med Via Ferrata-utbyggingar

I dag opna Romsdalsstigen Via Ferrata. Slike klatreløyper blir bygt i heile landet og Norges klatreforbund håper det er ei bølge som går over.

Romsdalsstigen Via Ferrata

Romsdalsstigen Via Verrata i Åndalsnes vart offisielt opna onsdag.

Foto: Norsk Tindesenter

Lise Pettersen

Lise Pettersen var godt nøgd med Romsdalsstigen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Landskapet under beina til Lise Pettersen er så storslått at ho får frysningar. Den utflytta nordmørskvinna var ei av dei første som fekk prøve den tilrettelagde klatreløypa i Rauma. Den enklaste løypa vart offisielt opna i dag.

– Det var ein kjempefin tur. Eg har klatra nokre Via Ferrataer og alle har noko eige ved seg. Det sterkaste inntrykket var å kike bak seg og sjå den utruleg flotte naturen, seier Pettersen.

Via Ferrata er klatreruter på fjellet med faste sikringsmidlar. Det gjer at folk utan klatreerfaring kan ta turen. I Noreg er det snart rundt 20 slike klatreruter.

Som å rope mot nordavinden

Stein Tronstad, sikkerhetsansvarlig i Norsk Klatreforbund

Stein Tronstad er president i Norges klatreforbund.

Foto: Ola Helness / NRK

Norges klatreforbund har vore svært kritisk til bygginga av desse løypene, men innser at den kampen er tapt.

– Vi har prinsipielt vore imot å bygge slike anlegg, men vi ser at det er som å rope mot nordavinden, seier Stein Tronstad. Han er president i Norges klatreforbund.

Tronstad understrekar at det er mange positive sider ved Via Ferrata og at tilrettelegginga gjer at folk får luftige og fine opplevingar i bratt terreng. Klatreforbundet er opptekne av at dei etablerte klatrarane sine interesser vert varetekne når det blir bygt slike løyper. Tronstad er også oppteken av tryggleiken. Den siste tida har to anlegg blitt stengt. I Valle i Aust-Agder gjekk det eit steinras i løypa. I Hordaland er Himmelstigen til Trolltunga stengt på grunn av rasfare.

– Det er ein god del tryggleiksmessige problemstillingar knytt til klatreløypene. Også det at løypene går så høgt til fjells kan utgjere eit faremoment, meiner Tronstad.

Han trur det kjem endå fleire anlegg i Noreg, men håper at det deretter roar seg med utbygginga.

Anita Vik Buckley

Anita Buckley er dagleg leiar ved Norsk Tindesenter i Rauma.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Marknaden er ikkje så stor

Anita Buckley er dagleg leiar ved Norsk Tindesenter i Rauma. Ho seier at det er gjort grundige vurdering av tryggleiken før Via Ferrataløypa i Rauma vart bygt. Ruta er lite brukt til klatring og kjem dermed ikkje i konflikt med klatremiljøet. Fjellet er allereie i stor grad tilrettelagt med tursti og trapp.

– Eg forstår at klatreforbundet er bekymra for at det skal bli ei storstilt utbygging, men eg trur ikkje marknaden er så stor. Så mange turistar kjem ikkje til Noreg, seier Buckley.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL