Hopp til innhold

Håper å bli ferdige med avhøyra i dag

Politiet har sidan søndag gjennomført over 60 avhøyr etter masseslagsmålet på Åndalsnes i helga. Då barka belgiske soldatar og fleire lokale saman i ein slåstkamp utanfor Nabo'n pub.

Politiinspektør Anders Skorpen-Trøen seier at dei blant anna har avhøyrt rundt 20 belgiske soldatar og at dei håper å bli ferdige med alle avhøyra i løpet av onsdagen.

Det er enno uklart kva som var årsaka til at slåstinga starta og kven som starta den. I tillegg til avhøyra blir bilde og videoar frå hendinga sentrale i etterforskinga.

– Målet er at vi kan bruke morgondagen på å sjå om det er mogleg å pusle saman ei tidslinje som kan seie noko om kva det er som har skjedd og årsaka. Vi prøver også å finne ut kva personar som har vore involvert og kor mange ulike hendingar det er snakk om, seier han.

Per no har fire personar status som fornærma i saka. Fire belgiske soldatar, er sikta for kroppsskade etter hendinga. Politiinspektøren seier at det er sannsynleg at det kan bli fleire.

– Vi har ein del videoar frå hendinga som tyder på at det kan bli fleire som får status som fornærma eller sikta. Vi jobbar med å få sikker identifikasjon på dei involverte og håper å konkludere med dette seinast fredag, seier Skorpen-Trøen.

Politiet har ikkje full oversikt over kor mange som var involvert i slåstkampen, men jobbar for å danne seg eit bilde.

Skorpen-Trøen seier det er krevjande å sjå kva roller dei ulike personane har hatt, men at dei jobbar ut ifrå ulike teoriar om korleis slåstinga starta.

– Det er eit fragmentert bilde, men det er openbert at det er mange som er involverte. Vi undersøker om det er mogleg å sjå på videoane kven som er med fordi dei prøver å fyre opp stemninga og kven som prøver å roe ned situasjonen og å få folk vekk, seier han.

Nabo'n pub i Åndalsnes.

Politiet utelukkar ikkje at fleire kan bli sikta etter masseslagsmål

­