Hopp til innhold

Hærverk på Øye kyrkje

Nokon har utført hærverk på Øye kyrkje i Surnadal. Det skal ha skjedd i løpet av natta. – Dei har hatt spraymåling på inngangspartiet til kyrkja. Det blir no oppretta sak, og etterforska av politiet i Surnadal, seier operasjonsleiar i politiet Arild Reite. Sokneprest Vidar Wilhelmsen Rygh seier at han vart sjokkert då han fekk beskjeden. – Det kom som eit sjokk, veldig trist at nokon vil gjere dette, seier han. Spraymålinga er no vaska vekk.