Hadde skarpladd rifle i bilen

Ein mann i byrjinga av 30 åra vart stoppa av politiet for køyring mens han var påverka av rus i Hustad. Samstundes fann politiet ei skarpladd rifle i ein anna bil, som politiet kan knytte til mannen. – Han er no teken inn til arresten, sikta for brot på våpenlova, køyring i påverka tilstand og for å ha brukt narkotiske stoff, seier Sindre Molnes i politiet. Politiet fant også fleire patroner som høyrde til rifla, som var festa på kroppen til mannen.