Frå denne veka skal alle fyrsteklassingar i heile landet få 12 timar gratis SFO kvar veke. Ordninga er eit resultat av budsjettforliket mellom regjeringa og SV.
I praksis gjer dette at dei som har deltidsplass inntil 12 timar i veka kan få denne gratis, samstundes som at prisen for eit heiltidstilbod blir rimelegare.
Men kva prisen faktisk blir, varierer ut ifrå kor ein bur, kva behov ein har og kva slags plassar SFO tilbyr.
Silje Lødøen Fiksdal slepp ikkje unna å betale for SFO for fyrsteklassingen Brian.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKBerre gratis etter skuletid
Silje Lødøen Fiksdal har ein fyrsteklassing, Brian, som akkurat har begynt på SFO ved Brattvåg barneskule.
– I Ålesund kommune er det berre tilbod om gratis SFO etter skuletid. På denne skulen er det mellom 13.30 og 15.54. For oss er det ikkje ei god ordning.
– Urettferdige utslag
Fiksdal er avhengig av å ha guten sin på SFO før skulen startar klokka 09. Derfor har ho tinga ein ordinær plass som gjer at ho må betale for opphaldet i SFO før og etter gratistilbodet.
Hadde det vore meir fleksibilitet i ordninga kunne mora ha kutta SFO-utgiftene sine drastisk. Ho skulle ønske ho og dei andre foreldra i kommunen fritt kunne få disponere dei 12 gratistimane.
– Ulike SFO-tilbod i dei ulike kommunane gjer urettferdige utslag, seier Fiksdal.
Silje Lødøen Fiksdal set pris på ordninga med gratis SFO, men skulle ønske foreldra fritt kunne få disponere dei 12 gratistimane.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKIkkje krav til tidsrom
Det er nemleg opp til kvar einskild kommune korleis dei organiserer gratis SFO for fyrsteklassingar. Regjeringa krev at tilbodet skal vere i kjernetida, men har ikkje definert når kjernetida er.
Det gir store skilnadar. I Bergen er det mogleg for fyrsteklassingane å få gratis morgonplass eller inntil 60 % av heil plass. I Haugesund er det bestemt at kjernetida er mellom 07.45 og 15, mens Ålesund og mange andre kommunar opererer med definisjonar som gjer at tilbodet fell på ettermiddagen.
– Eg synast ikkje at det skal vere opp til kvar enkelt kommune å definerer dette, seier Fiksdal som er utvalsmedlem i Foreldreutvalget for barnehager. Ho etterlyser ei nasjonal føring.
Vil ha lokale tilpassingar
Kunnskapsdepartementet er ikkje samd i kritikken, og vil at kommunane sjølv skal utvikle SFO-tilbodet slik at det passar til dei lokale behova.
– Familiar vil i snitt spare 20.000 kroner på at alle fyrsteklassingar no får gratis SFO, og eg håpar folk gler seg over det. Skulane rundt om i landet vårt er ulike, og i staden for å drive statleg detaljstyring meiner vi kommunane best veit korleis dei organiserer sitt eige SFO-tilbod, svarer statssekretær Halvard Hølleland i ein e-post.
Halvard Hølleland er statssekretær i Kunnskapsdepartementet.
Foto: Kunnskapsdepartementet / Ilja C. HendelValde det dei fleste nytta
I Ålesund meiner kommuneleiinga at dei har tatt omsyn til brukarane da dei bestemte når kjernetida er.
– Denne avgjerda er tatt i samråd med rektorane og leiarane for SFO. Årsaka til at gratistilbodet er etter skuletid, er at flest nytta tilbodet da, seier kommunalsjef for oppvekst Bjørn Ivar Rødal.
– Men Fiksdal synast det er urettferdig?
– Det vil alltid vere slik at ein ikkje kan treffe alle.
Kommunalsjef for oppvekst i Ålesund, Bjørn Ivar Rødal, minner om at ordninga er ny og at det kan skje endringar.
Foto: Remi Sagen / NRKTilbod mellom 13.30 og 15.54 i feriar
Gratistilbodet gjeld også i feriar, men berre i to timar og 24 minutt kvar dag. Fyrsteklassingane på Brattvåg barneskule kan møte opp for gratistilbodet klokka 13.30 og bli til 15.54. Skal dei vere der meir, må dei betale.
– Det vil ikkje fungere. Eg tenker for vår del som foreldre, og for ungane sin del, så hadde det vore betre om vi kunne samle opp tida til ein og ein halv dag i ferieveka, seier Fiksdal.
Kommunalsjef for oppvekst i Ålesund seier dei må sjå på avviklinga under feriane ein gong til.
– Eg skjønner at det kan vere vanskeleg å få logistikken til å gå opp, så denne ordninga må vi kunne tilpasse litt etter kvart, seier Rødal.