Ragna Dahl Grønnevet er med stort fleirtal valt til ny rådmann i Ålesund kommune.
Det vedtok bystyret i eit lukka møte torsdag kveld.
Grunnen til at møtet vart lukka for publikum, var at Harald Tom Nesvik frå Framstegspartiet ville ha meir informasjon om dei søkjarane til rådmannsstillinga som ikkje ønskte namna sine offentleggjort. Representantar frå andre parti meinte dette var unødvendig, og sa dei hadde full tillit til dei vurderingane administrasjonsutvalet hadde gjort.
Motkandidat
I den lukka delen av møtet vart eit nytt namn fremja som motkandidat til Grønnevet. Dette var Ole Jan Hauge frå Oslo som er tilsett i Forsvaret.
Det var skriftleg avrøysting i saka, og Hauge fekk 15 av dei 61 røystene. Eit stort fleirtal på 42 representantar gjekk inn for Grønnevet som rådmann. Fire leverte inn blanke røystesetlar.
Ragna Dahl Grønnevet har fungert som rådmann i om lag eitt år. Ho tok over då Knut Sjåstad trekte seg på grunn av den vanskelege øknomiske situasjonen i Ålesund kommune. Grønnevet er 57 år gammal, og er utdanna siviløkonom. Ho har stått sentralt i leiing og styring av Ålesund kommune i meir enn ti år.
Misnøye
Varaordførar i Ålesund, Knut Fylling frå Frp, har tidlegare uttrykt misnøye med Grønnevet. Fylling sit i administrasjonsutvalet som leverte tilrådinga om å tilsette Grønnevet. I utvalet gjekk Fylling inn for å tilsetje distriktssjef i Kystverket, Harald Tronstad, i jobben som rådmann. Dette vart nedstemt i administrasjonsutvalet, og i bystyret fremja altså Frp Ole Jan Hauge som motkandidat.
Når Grønnevet no er valt med stort fleirtal, seier Fylling at partiet håpar på eit godt samarbeid med rådmannen.