Hopp til innhold

Er kritiske til beredskapen etter ferjeproblem

Øybuarane i Sande kommune fryktar for beredskapen til øyane. No har dei sendt eit ope brev til Norled og FRAM.

Ferjekai Kvamsøya

SKADD: Ferjekaia på Kvamsøya blei skadd då reserveferja køyrde inn i den natt til måndag førre veke. Det tok fleire dagar før denne blei fiksa.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Så lenge ferjene går, så er det greitt. Men når det er gamle ferjer, sårbart materiell og det gong etter gong er tekniske problem, så er det for dårleg. Då veit vi at om det blir ein brann, som det blei i jula, så sit vi igjen med svarteper om ferja ikkje går.

Det seier Kjerstin Sande, i Sandsøy og Voksa grendelag.

Les også 200 menneske på øya er avhengige av ferja – så krasja ho i kaia

Øydelagt ferjekai på Kvamsøya

Var innstilt i fleire dagar

Natt til måndag førre veke blei ferjesambandet mellom Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya innstilt etter at reserveferja køyrde inn i kaia på Kvamsøya.

Frå før av var hovudferja ute av drift på grunn av tekniske problem. Det førte til at ein passasjerbåt blei sett inn i sambandet. Dermed blei øybuarane i Sande kommune utan ferjesamband i nokre dagar.

Kjerstin Rebekka Sande

Kjerstin Sande, i Sandsøy og Voksa grendelag, seier dei fryktar for beredskapen til øyane. I tillegg sakna dei fortløpande informasjon om ferjesituasjonen førre veke.

Foto: Privat

No har grendelaget og næringslaget på Sandsøy og Voksa sendt eit ope brev til ferjeoperatørane Norled og Møre og Romsdal fylkeskommune. Dei meiner ferjestoppen gjekk hardt utover den generelle tryggleiken, og at næringslivet fekk ei ekstra økonomisk ulempe.

Sande er tydeleg på at det bør vere ein reserveplan til reserveplanen når slike ting skjer.

– Når det er store problem, som det tidvis er, så må dei ha ferjer som dei kan sette inn når det går skikkeleg gale.

Dei er også kritiske til informasjonen dei fekk undervegs.

– Det vi reagerer på er at vi berre fekk kopiar av pressemeldingar og at vi ikkje fekk meir informasjon. Vi måtte kontakte avisa for å finne ut kva dei visste, seier Sande.

Skal følge opp med Norled

Deler av sambandet starta opp igjen onsdag, men det var ikkje normal drift i heile sambandet før torsdag kveld.

Fordi dette er eit utfordrande fartsområde, er det avgrensa kva type ferje som kan gå i sambandet. Dermed måtte det til eit samarbeid mellom reiarlaga Norled, Torghatten Nord og Fjord1 for å få på plass ei ferje.

Stig Helle-Tautra, avdelingssjef i FRAM, seier at dei har forståing for at øyfolket synest situasjonen har vore utfordrande.

Stig Helle-Tautra, FRAM

Stig Helle-Tautra er avdelingssjef i Fram

Foto: Magnar Fjørtoft / MR Fylkeskommune

– Det var ein uvanleg situasjon, der både hovudferja og reserveferja var ute av drift samtidig. I tillegg til at ei av ferjekaiene blei skadd. Men i slike situasjonar, så skal jo reiarlaget likevel ha ein reserveplan, så vi kjem til å følge dette opp med Norled som er operatør her, seier han.

Helle-Tautra, fortel vidare at det er ein del av kontrakten at reiarlaget skal finne eit erstatningsfartøy.

– Og det fartøyet kom jo, men det blei nokre døgn før det skjedde.

– Beklagar

Cathrine Gjertsen, kommunikasjonssjef i Norled, seier at dei beklagar det som har skjedd.

Ho seier vidare at dei har full forståing for at dette var ein svært vanskeleg situasjon for alle reisande, næringslivet og øybuarane spesielt.

– Vi jobba for fullt med å få på plass ei reserveferje, i tillegg til passasjerbåten som blei sett inn, men det var dessverre ikkje mogleg å skaffe på kort varsel.

Gjertsen seier at Norled samarbeider med FRAM og forheld seg til krava som er i kontrakten når det gjeld ferjemateriell og beredskap.