Hopp til innhold

Godkjenner hytteområde i Rindal

Kommunaldepartementet vender tommelen opp for den planlagde utvidinga av Langlia hytteområde i Rindal.

hytteområde rindal

– Vi er sjølvsagt glad for vedtaket, og så setter vi pris på den grunngjevinga departementet har gitt oss, seier Ola T. Heggem, ordførar i Rindal.

Da kommunestyret i Rindal i fjor gjorde vedtak om kommuneplanens arealdel, blei hytteområdet sett på vent fordi Områdestyret for reindrift i Sør-Trøndelag/Hedmark hadde innvendingar mot den tiltenkte utvidinga. Dette var særlig knytt til frykt for økt ferdsel inn i reinens kalvingsområde om våren.

Saka kom difor opp i kommunaldepartementet fordi områdestyret meinte at hyttesatsinga ville ha skadelege konsekvensar for reindrifta i området.

Nøgd med resultatet

Men no har altså kommunaldepartementet og statsråd Jan Tore Sanner skrevet under på eit brev der kommunen får medhald i saka og får halde fram med planane i området.

Ola T. Heggem

NØGD: Ordførar i Rindal Ola. T Heggem er nøgd med avgjersla til departementet.

Foto: SP

– Dei meiner at vi grundig arbeid med planen og at reindriftsinteressene alt i alt blir godt varetatt i planane. Det er eit svar vi er nøgd med, seier ordføraren.

Heggem seier han er overraska over at saka gjekk så langt som den gjekk.

– Vi meiner at vi har prøvd å balansere det på best mogleg måte, og eg er meir overraska over at saka gjekk inn til departementet enn eg blei av resultatet, seier Heggem.

– I tillegg ligg området heilt på grensa til primærområdet, og heilt i ytterkanten av reindriftsområdet, held han fram.

Hyttesatsing

Langlia hytteområde kan no få inntil 80 nye tomter. Frå før finst det åtte utbygde og 20 ledige tomter i området. Heggem er glad for at dei no kan halde fram med arbeidet på Langlia.

– Dette er ein del av ein heilskap, og no blir det opp til grunneigarane kor mykje av området dei vil utnytte, men vi har prøvd å legge til rette der interessa for hyttesatsinga er, seier ordføraren.

No håpar han fleire vil nytte seg av området.

– Vi har prøvd å spreie ordet i bygda slik at det ikkje berre er to–tre grunneigarar som kan utnytte området, seier Heggem.

skjermdump

GODKJENNING: Kommunaldepartementet vender tommelen opp for den planlagde utvidinga av Langlia hytteområde i Rindal.

Foto: Skjermdump

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL