Hopp til innhold

Seglskuter, regn, og paraplyar

Mange møtte på opninga av The Tall Ships’ Races i Ålesund trass regn og grått vêr. Seglskutearrangementet er i gang, og det er mykje liv i byen.

Statsraad Lehmkuhl

I GANG: Seglskutene er i Ålesund og The Tall Ships’ Races er i gang.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Ordførar Bjørn Tømmerdal (H) i Ålesund

REGN: Ordførar Bjørn Tømmerdal (H) i Ålesund lova sol under opninga av The Tall Ships’ Races 2015.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– I morgon blir det sol, viss ikkje stiller eg ikkje til attval, sa ordførar Bjørn Tømmerdal (H) i Ålesund under opninga.

Marlen Barstad-Solberg (4)

SJØRØVARAR: Marlen Barstad-Solberg (4) er mest nøgd med å ha sett sjørøvarar og sjørøvarskip i byen.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Sjølv om det var mange paraplyar å sjå i Ålesund den første dagen på The Tall Ships’ Races, så var det mange som kosa seg.

Ei av dei er Marlen Barstad-Solberg (4) som hadde fått seg pølse og chips, og sat under ein parasoll.

– Eg har sett sjørøvarskuter og ein sjørøvar. Han hadde sjørøvarhatt, og belte på magen, sa ho og la til at ho synest seglskutene er fine å sjå på.

– Eg synest dei har fine flagg, sa ho.

Vladimir Martus

SJØRØVAR: Vladimir Martus er mannskap på seglskuta Shtandart og for anledninga har han kledd seg opp i sjørøvarkostyme.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Buer og skihopping

Kamilla Larsen Ulvestad (13) og Wenche Johs. Larsen

KLARE: Kamilla Larsen Ulvestad (13) og mora Wenche Johs. Larsen var klare for underhaldning under The Tall Ships’ Races.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Mange hadde tatt turen for å kikke i dei forskjellige buene, for å smake, og kanskje for å kjøpe noko. Kamilla Larsen Ulvestad (13) er ein av dei mange som ville la seg underhalde av hopping på ski og på snøbrett ved Brosundet.

– Det kjekt med alt som skjer, og no gler eg meg til å sjå dei som hoppar. Og så er det er moro å sjå alle båtane, dei har fine segl, seier ho.

Kjell Christian Krohn Dale

HOPPAR: Kjell Christian Krohn Dale er med på hoppeshow under The Tall Ships’ Races i Ålesund.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Hoppeshowet har vore ein del av Ålesund båtfestival, og Kjell Christian Krohn Dale er med på det fjerde året på rad. Sjølv har han snøbrett på beina når han kastar seg ut i sundet.

– Me har kunstgrasmatter i staden for snø, og det fungerer veldig bra. Det er litt vanskeleg å styre, og det er vel ein 15–16 grader i Brosundet, seier han.

– Me har gode våtdrakter og når adrelinet pumpar så kjenner ein ikkje så mykje til temperaturen, legg han til.

  • SJÅ TV-SAK:
    Seglskutefest med godt besøk i regnveret. To hundre tusen er venta til The Tall Ships Races i Ålesund.

    Sjå tv-saka.

  • SJÅ VIDEO:
    Eit hoppeshow i Brosundet i Ålesund hadde mange tilskodarar under The Tall Ships’ Races.

    SJÅ SAKA: Per Helge Støylen (14) er frå Straumgjerde, og er den yngste av dei som hoppar.

  • SJÅ BILETE:
    Ålesund under The Tall Ships Races
    Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL