NRK Meny
Normal

I dag startar Seglskutefesten

Klokka 14 er det opningsseremoni på Rådhusplassen.

Seglskip i Ålesund

17 NASJONALITETAR: Det er båtar frå 17 ulike land i Ålesund under årets Tall Ships Races.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Hovedscena på Rådhusplassen

The Tall Ships Races Ålesund 2015 bli offisielt opna på Rådhusplassen klokka 14 onsdag.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Onsdag startar The Tall Ships’ Races i Ålesund, med opningsseremoni på Rådhusplassen. Ifølge NRKs vêrvarslingsteneste YR.no blir det truleg ein grå og våt opningsdag. Til saman er det venta om lag femti seglskuter og over 200 000 besøkande under årets Tall Ships Races i Ålesund.

Seglskuter i Ålesund under Tall Ships Races 2015

Det er venta over 200 000 besøkande under årets seglskutefest i Ålesund.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Det er fjorten år sidan førre gong seglskutene i The Tall Ships’ Races var innom Ålesund, den gong under sponsornamnet Cutty Sark. Då var det over 20 nasjonalitetar representert under mannskapsparaden i byen, medan det i år er over femti påmelde skuter frå 17 ulike nasjonar.

Årets festival startar med opningsseremoni onsdag ettermiddag og varer fram til og med laurdag, då skutene forlèt byen. På programmet i år er det mellom anna mange konsertar, båtdåp og ulike aktivitetar.