Det er aksjonær Svein Skårland frå Sandnes som har kravd at selskapet skal slåast konkurs. Han er både aksjonær og innskytar i selskapet.
Kjensler
- Dette er svært beklageleg, seier styreleiar i God Invest, Agnar Dag Ulstein. - Kjenslene eg har på ein slik dag er ikkje mogleg å beskrive, seier han.
Feil
Like etter at konkursen var eit faktum, spurte NRK om styreleiar Agnar Dag Ulstein vil beklage det som har skjedd i selskapet overfor dei mange som taper pengar: - Det er klart at alle gjer sine feil, seier Ulstein.
Styreleiar Agnar Dag Ulstein blei omringa av pressefolk under konkursbehandlinga i Sunnmøre Tingrett i dag. Foto: Tor Sivertstøl.
Bibelen
Agnar Dag Ulstein viser til bibelen når han forklarar korleis selskapet kunne gå konkurs. - Det står i ei gamal bok at dersom ein seier at ein ikkje har gjort feil då har vi alt dømt oss sjølve. - Så det er klart at alle som arbeider gjer feil.
Bøn
Utanfor døra til tingretten seier Agnar Dag Ulstein at han gjerne vil takke dei som har støtta selskapet. - Fleire har stått i bøn for at selskapet skulle gå best mogleg. - Men så er det nokre få som.., ja det skal berre ei lita tue til å velte eit stort lass, og det har vi sett her i dag, seier ein trist Agnar Dag Ulstein.
Feilvurderte
Agnar Dag Ulstein seier at selskapet feilvurderte satsinga på IT-aksjar. - Mange rådd oss til å satse akkurat her, seier han. - Samstundes gjekk kursane på fond nedover, og mange i vårt eige banksystem rådde oss til å satse her, utan av nokon av råda slo til.
Tru
- Vi hadde tru på at vi skulle få til dette, seier Ulstein. - Vi hadde tru heilt til det siste.
Det har tidlegare vore hevda at ein konkurs vil innebere tap på 70 millionar kroner. Styreleiar Agnar Dag Ulstein taper sjølv omlag ein halv million kroner.