Hopp til innhold

Gløymer ruspolitikken

Politikarane gløymer å diskutere ruspolitikk i valkampen. Det seier leiar i Rusfeltets samarbeidsorganisasjon i Møre og Romsdal, Actis, Eivind Hasle.

Bakrus

Illustrasjonsfoto

Foto: Hansen, Helge / SCANPIX

Det er kommunane som har hovudansvaret for ruspolitikken. Likevel meiner Actis at politikarane heilt gløymer å diskutere ruspolitikk i valkampen.

-Det er all grunn til å vere bekymra over den måten dei fleste kommunestyra har oppfatta ansvaret sitt dei seinare åra, seier Hasle.

Eivind Hasle

Eivind Hasle er leiar i Actis

Kommunane har ansvar for tildelingskriteriar for sals- og skjenkeløyve for alkohol. Dei skal sikre og kontrollere at det vert gitt opplæring, og ikkje minst oppfølging og kontroll av at regelverket blir fulgt.

Gløymer kva rus fører til

-Dei gløymer også fort dei store behova for betre ettervern og barnevern, og ikkje minst samanhengane mellom rusmiddelbruk og fråfalls- og fråværsproblematikk i utdanning og arbeidsliv, seier Hasle.

Actus meiner eit kommuneval dreier seg m.a. om korleis ruspolitikken skal førast i lokalsamfunna våre .

-Ruspolitikken dreier seg om gode og trygge møte- og samværsstader for born, ungdom og vaksne, han dreier seg om fritidstilbod og kultur- og læringsarenaer for heile befolkninga, og han dreier seg om livsstil, helse og levekår både for dagens generasjon og for dei som veks opp.

Ber veljarane ta ansvar

Actus oppfordrar no veljarane til å ha ruspolitikken i mente ved kommune- og fylkestingsvalet 2011.

-Ein aktiv og kunnskapsbasert lokal rusmiddelpolitikk vil vere til fordel for kvar enkelt kommune og heile fylket, seier Hasle.

Actis, Rusfeltets samarbeidsorgan , er ein paraplyorganisasjon for 30 frivillige organisasjonar innanfor rusfeltet, dvs. organisasjonar som er opptatt av alkohol og/eller narkotika, og forebygging, behandling og ettervern. Actis består både av fråhaldsorganisasjonar og av organisasjonar for pårørande og tidlegare russkadde .

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL