Hopp til innhold

Gler seg til filmen, men fryktar folk blir vettskremde

Strandaordførar Jan OveTryggestad trur det blir ei storhending å sjå filmen "Bølgen", som blir vist under Filmfestivalen i Haugesund søndag kveld. Men han fryktar at folk blir vettskremde.

Jan Ove Tryggestad

Ordførar Jan Ove Tryggestad er på plass i Haugesund for å sjå filmen 'Bølgen' og seier dette er heilt spesielt å vere med på.

Foto: Synnøve Hole

HAUGESUND: Filmen "Bølgen" baserer seg på frykta for kva som skjer når fjellpartiet Åkneset kjem til å rase ut i Storfjorden og skape ei øydeleggande flodbølgje på 80 meter.

Søndag blir den omstridde filmen vist under opninga av årets filmfestival i Haugesund, og ein av dei som er til stades, er ein av dei som har vore mest skeptiske til å dramatisere den venta katastrofen.

Det er ei hending av dimensjonar å delta på filmfestivalen i Haugesund, omgrepet "once in a lifetime" gjeld vel for ordføraren i Stranda i dette høvet, seier Tryggestad.

Vedgår at filmen blir heftig

I filmen "Bølgen" går alarmen ved skredsenteret i Geirangerfjorden. Den erfarne geologen Kristian Eikjord (Kristoffer Joner) er brått i det verst tenkjelege marerittet. Familien er splitta og det er berre 10 minutt til den 80 meter høge bølgja treff den vesle bygda.

Folk kan nok bli vettskremde, men då har vel filmselskapet oppnådd det dei var ute etter. Filmen blir heftig, seier ordførar Tryggestad.

Les også:

Meiner ordføraren ikkje burde reist

Frank Sve

Frank Sve, styreleiar i Åknes/Tafjord Beredskap meiner ordføraren burde halde seg i Stranda, i staden for å reise til Haugesund i helga.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Det har ikkje mangla på skeptikarar som hevdar filmprosjektet er spekulativt og skaper unødvendig frykt. Styreleiar Frank Sve i Åknes/Tafjord Beredskap meiner ordføraren burde halde seg heime.

– Vi har brukt enormt med tid på å få fram at realitetane ikkje er å springe frå ei bølgje, men at varsling og ei eventuell evakuering vil skje på eit tidleg stadium og under full kontroll, seier han, og legg til at han er svært uroa over effekten på barn, unge og turistar.

Les også:

Spent sjefgeolog på plass i Haugesund

Lars Harald Blikra

Sjefgeolog Lars Harald Blikra i NVE seier han er spent på kor realistisk 'Bølgen' er. Søndag får han svaret.

Foto: Synnøve Hole

Også sjefgeolog Lars Harald Blikra i NVE er på plass i Haugesund. Han er ansvarleg for overvakinga av risikofjellet Åkneset, som filmen handlar om.

Eg er jo litt spent på kva dei har klart å lage og sjølvsagt kor realistisk dette er. Det er jo ei reell hending dei har laga film om, så det vil kanskje påvirke oss litt og minne oss om at det er ein alvorleg risiko og eit stort ansvar å ha ansvaret for overvakinga, seier han.

Trur dei kan bidra med fakta

Han avviser at NVE ved å vere til stades på filmfestivalen i Haugesund nører opp under frykta for at raset skal kunne kome på svært kort varsel, slik scenarioet er i filmen.

Nei, eg trur heller vi kan bidra med informasjon, dersom folk og media har spørsmål. Folk vil kanskje samanlikne det reelle tilfellet med filmen og fiksjonen, seier Blikra.

Filmen blir vist for journalistar og andre pressfolk søndag morgon. NRK Møre og Romsdal publiserer fortløpande stoff utover helga om "Bølgen" og reaksjonane filmen får.

Seksjonssjef i NVE, Lars Harald Blikra, kommenterer den kommende storfilmen Bølgen. I virkeligheten er det nemlig Blikra som har ansvaret for fjellet som kommer til å rase og deretter skape en flodbølge.